Mors hysteriske sosialdemokrat

Artikkelen fortsetter under annonsen

På randen av hysteriet, vekslande mellom umotiverte raseriutbrot og galmannslatter. Slik er mors Elling.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ellings uutlevde seksualitet trykkjer stadig på. (Foto: Filmweb)Ellings uutlevde seksualitet trykkjer stadig på. (Foto: Filmweb)

På laurdag går den norske dramakomedien «Mors Elling» på NRK 1.

Filmen er nummer to av totalt tre filmar basert på Elling-bøkene av Ingvar Ambjørnsen. Både bøkene og filmane om Elling blei salssuksessar som «alle» elska, både i Noreg og i utlandet. Teater har det også blitt.

Denne filmen, regissert av Eva Isaksen i 2003, bygg på romanen «Fugledansen». Handlinga føregår kronologisk før historia i «Elling» frå 2000. I «Mors Elling» får vi altså vite litt om bakgrunnen til Elling, og korleis han har blitt tilvden engstelege, men også inderleg gode karen vi blei kjent med i den første filmen.

Toroms med mor

Elling (Per Christian Ellefsen) er ein ekte sosialdemokrat, busett i ein toromsbustad i Oslo saman med mor si (Grete Nordrå). Arbeidsfordelinga deira er enkel: Mor tar seg av det praktiske, Elling det teoretiske.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Mor tar seg av det praktiske, Elling det teoretiske. (Foto: Filmweb)Mor tar seg av det praktiske, Elling det teoretiske. (Foto: Filmweb)

Og det fungerar knirkefritt, heilt til mor kjem med to billettar og vil reisa til Syden.

Sydens sol


Elling er ikkje glad i forandring og sosialt samvere. Han trivst nemleg best med å sjå folk på avstand. Gjennom ein kikkert ut vindauga, for eksempel..

Han reagerer derfor med stor aggresjon på mors høgst upassande påfunn om å reise.

Mykje kan gå gale


Men mor lar seg ikkje rikke. Ho har nemleg ein god grunn til å reise. Så dei reiser, men det er mykje som kan gå gale på ein Sydentur. Og Elling er ikkje den som tar motgangen med ei klype salt.

Elling sitt pedanteri, angsten hans for alt nytt og den uutlevde seksualiteten som stadig pressar på, gjer han pinleg morosam og set menneskelivet på spissen.

Sendetid


Filmen går på NRK 1 laurdag klokka 22.05, varar i 78 minutt og har ei anbefalt aldersgrense på 11 år.


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving