TV sel dårlegare

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV-reklamen vert stadig mindre slagkraftig.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Ein rapport kalkulerer med så mykje som 37 prosent nedgang i slagkrafta åt TV-reklamen, melder Familie & Medier.

Ein McKinsey-rapport slår fast at salskrafta er på full fart nedover. Det kjem delvis av at folk slår av fjernsynsapparata og delvis av at dei gjer fleire ting samstundes.

Rapporten reknar med 15 prosent nedgang i salskraft, 23 prosent nedgang i sette reklamar, 9 prosent nedgang i merksemd og altså så mykje som 37 prosent nedgang i slagkrafta åt reklamen.

Trass i nedgangen kjøper verksemder meir reklame i beste sendetid no enn før. Kjøp av slik reklame har auka med 40 prosent siste tiåret, sjølv om sjåartalet har falle med 50 prosent i same periode.

Born og unge ser stadig mindre på fjernsyn, men bruker nettet 600 gonger så mykje som vaksne. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving