Hårete dokumentar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statskanalen vier laurdagskvelden til ein dokumentar om den klassiske hentesveisen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hentesveisen går aldri av moten. (Foto: rahoi.com)Hentesveisen går aldri av moten. (Foto: rahoi.com)

Hentesveisen har vore ein klassikar innan hårfrisyrar gjennom ei årrekkje.

Sveisen skal fungere like godt til å dekkje over hårtap som til å skremme vekk det motsette kjønn.

Men til tross for svekka popularitet den siste tida, har den unike frisyren framleis slaviske tilhengarar.

Men kvifor, er vanskeleg å forstå.

NRK tar ein nærmare kikk på hentesveisen laurdag kveld. (Foto: glennbeck.com) NRK tar ein nærmare kikk på hentesveisen laurdag kveld. (Foto: glennbeck.com)

Millionar til tross


Ein av dei som svergar til hentesveisen er amerikanaren Donald Trump, kjend som ein av verdas rikaste menn.

Nordmenn har blant anna kunne sjå både han og håret hans gi folk sparken i «The Apprentice» på TV Norge.

Ryktet skal ha det til at han trur hårfrisyren bringer han lykke, og at han difor ikkje vågar å byte.

Om det var hårfrisyren som i si tid gav han draget på sjølvaste Celina Midelfart, seier ryktet dessverre ingenting om.

Sendetid


For å høyre om fleire tilhengarar av hentesveisen og for å lære meir om dette merkverdige fenomenet, kan du sjå den amerikanske dokumentaren «Hentesveis» på NRK1 på laurdag klokka 22:05. Filmen varar i 55 minutt.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving