Meny

Straffast på forskot

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

NRK1 visar denne helga thrillaren «Minority Report», der folk blir arresterte og straffa for mord dei har begått. På forskot.

John Anderton (Tom Cruise) blir offer for sitt eige system. (Foto: hugereviews.com)John Anderton (Tom Cruise) blir offer for sitt eige system. (Foto: hugereviews.com)

Filmen frå 2002 er regissert av sjølvaste Steven Spielberg, og er basert på ei novelle av kultforfattaren Philip K. Dick.

Framtidsfilm


Filmen føregår i Washington D.C, USA i år 2054. Tre ungar har blitt fødde synske og kan forutsjå mord før dei skjer. Myndigheitene vil nytte desse evnene i arbeidet sitt og opprettar likegodt ei eiga avdeling som skal arrestere folk før dei begår lovbruddet.

Og dermed syink mordrata til null.

Problemet


John Anderton (Tom Cruise) er leiaren for departementet. Forhistoria hans er prega av skilsmisse og ein kidnappa son, noko som har gjort arbeidet hans til ein besetting.

Anderton må gjere alt for å reinvaske seg. (Foto: thecia.com.au)Anderton må gjere alt for å reinvaske seg. (Foto: thecia.com.au)

Problemet kjem når hans eige departement fengslar han for eit drap han skal begå innan 36 timar.

Anderton kjem seg unna, men må forte seg: han må nemleg finne offeret sitt for å avverge drapet.

Gode kritikkar


«Minority Report» har fått gode kritikkar, og har blitt omtala som «visjonær og viktig» (VG), samtstundes som det blir sagt at «spesialeffektane er fantastiske» (Dagbladet). Dei to avisene ga filmen høvesvis terningkast 5 og 4.

I filmen møter vi blant anna Tom Cruise, Max von Sydow, Colin Farrell og Samantha Norton.


Sendetid


Thrillaren går på NRK1 på søndag kl 21.00, har 15-års aldersgrense og varar i 2 timar og 25 minutt.

Ikkje heilt overbevist?
Få ein forsmak av filmen hos Yahoo!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus