Den sveitsiske metode

Artikkelen fortsetter under annonsen

Først ein liten test: Kan du namnet på fem sveitsiske forfattarar? Ikkje det?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kort 1: Formann Mao. (Foto: csrp.org)Kort 1: Formann Mao. (Foto: csrp.org)

Vel, det kan det fort bli ei forandring på.

I alle fall er det brukbare sjansar for at du vil merke deg namnet Albert Bitzius, forfattaren av det kontroversielle verket «Short People in History».

Sveitsiskfødde Bitzius, til dagleg professor i germanistikk ved Universitetet i Berkeley, California, gav ut boka på eit lite imprint-forlag allereie i 1997. Ho levde så sitt eige, stille liv i fleire år, stuva bort og glømt i universitetsbibliotekas innarste krokar.

Rabaldervekkjande bok


Heilt inntil i fjor. Da dukka «Short People in History» merkeleg nok opp som ein av fleire pensumtitlar under ei førelesingsrekkje ved Universitetet i Berlin, held av den kjende historieprofessoren Carl Spitteler.

Boka vekte straks rabalder. Elevane rasa. Og den provokative Spitteler blei til slutt sagt opp frå stillinga si. Sakte, men sikkert pipla så nytt om saka - og boka - ut i den tyske pressa.

Dette var berre startskotet. No følgde ein lang og opprivande ideologisk debatt i tyske medier. Førebels nådde denne toppen idet leiaren for den tyske Bokhandlarforeninga, E.Y. Meyer, trakk seg frå vervet sitt i protest. Han hadde lagt ned votum mot at boka skulle få distribusjon i tyske bokhandlarar, men avgjera blei overprøvd av handelsministeriet i EU.

Kva er det så med denne boka? Kva er så kontroversielt? Og kva er det som får lesarar - i stadige fleire land - til å reagere på denne måten?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kort 2: Josef Stalin. (Foto: marxists.org)Kort 2: Josef Stalin. (Foto: marxists.org)

Jo, i «Short People in History» lanserer Albert Bitzius svært brennbare synspunkt. Han forfektar for det første eit såkalt vilkårleg historiesyn, ei tru på at avgjerande endringar i historia ikkje skjer i lange og mange utviklingsliner, men snarare i tilfeldige, store sprang.

Ustabile, korte maktpersonar


Mange av desse «spranga» blir, ifølgje Bitzius, utløyst av ustabile personar i maktposisjonar.

Sist - og her kjem det omstridte punktet: Påfallande ofte er desse nøkkelpersonane i historia små av vekst.

I kapitlet «In Short of the Shortness» underbyggjer han desse påstandane med ei rekkje eksempel frå historia. Det mest påfallande dømet i vår tid, er sjølvsagt Adolf Hitler. Knapt 1.70 høg på strømpelesten. Bitzius meiner å ha prov på at Hitler blei mobba for høgda på skolen, og at han i tillegg - bokstaveleg talt - kom til kort i forhold til jenter. (Kor ironisk er det ikkje forresten at denne kortvokste gnomen var krumtappen blant nazistane, der den høgreiste ariar var idealet?)

Artikkelen fortsetter under annonsen

Enkel psykologi


Det handlar til sjuande og sist om enkel psykologi, hevdar Bitzius: Dei kortvokste utviklar - i løpet av ein vond oppvekst - eit ulmande raseri mot omgjevnadene. Dei blir kronisk bitre, og vil så snart sjansen byr seg nytte høvet til å ta hevn.

Men dei kortvokste får dermed også, ifølgje Bitzius, ein naturleg fordel framfor høge, sidan dei allereie i tidleg alder begynner å leite etter alternative strategiar for å manøvrere seg i maktposisjonar. Og denne prosessen har pågått konsekvent og nådelaust oppgjennom heile historia.

Eksempla er overtydande:

Stalin?
1.68 høg.
Mao?
1.55.

Og så vidare. Lenger bak i historia kan kjeldene hjelpe oss: Napoleon Bonaparte blir av den tyske skalden Gottfried Keller skildra som «uvanleg kortvaksen», mens Ivan den Grusomme av samtidige blir samanlikna med «ein dverg». Ja, jamvel Aleksander den Store var visstnok svært liten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kort 3: Napoleon Bonaparte. (Foto: cursoarte.hpg.ig.com.br)Kort 3: Napoleon Bonaparte. (Foto: cursoarte.hpg.ig.com.br)

Tilnamnet «den Store» var noko han truga undersåttane sine til å bruke etter at han kom til makta.

Konklusjonen


Og kva er så Bitzius sin konklusjon? Jo, den er skremmande lik det Randy Newman syng om: «Short People's got no reason to live.»

Noko som har fått representanten for dei kortvokste i Tyskland, Friedrich Dürrenmatt, til å melde Bitzius for ærekrenking. Saka mot han tar til i neste månad.

Kanskje ikkje


Eller kanskje ikkje. For dessverre, dessverre er ikkje denne historia sann. Det fins ikkje ei bok kalt «Short People in History». Og viss det mot alle odds skulle gjere det, er den i alle fall ikkje skriven av Albert Bitzius.

Albert Bitzius er derimot ein av dei mest leste sveitsiske forfattarane frå 1800-talet, kanskje enda meir kjend under pseudonymet Jeremias Gotthelf. Det fins heller ikkje ein tysk historieprofessor kalt Carl Spitteler. Han var òg sveitsisk forfattar, ja, han vann jamvel Nobelprisen i litteratur i 1919.

Og kva med leiaren i den tyske bokhandlarforeninga, E.Y. Meyer? spør du no sikkert skeptisk. Jo - sveitsisk forfattar! Den tyske skalden Gottfried Keller? Sveitsisk forfattar! Og sist, men ikkje minst - representanten for dei kortvokste i Tyskland, Friedrich Dürrenmatt: Sveitsisk dramatikar!

Legg så til at Max Frisch var frå Sveits, og at Hermann Hesse budde store delar av livet i Sveits, da er vi Gud hjelpe meg oppe i nesten sju sveitsiske forfattarar! Slå den!

Og teoriane lagt fram i «Short People in History»? Finst dei?

Ikkje anna enn som ein kjøkkenteori hos underteikna. Men tenk deg godt om før du ertar nokon for høgda neste gong.

Lars Mæhle
(1.64 m)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving