Atomdrama til sjøs

Artikkelen fortsetter under annonsen

På TV Norge i helga går ubåtfilmen «K-19» frå 2002, basert på ei sann historie om ei nestenulukke under den kalde krigen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kaptein Mikhail Polenin vil ikkje sjøsette ubåten… (Foto: preview-online.com)Kaptein Mikhail Polenin vil ikkje sjøsette ubåten… (Foto: preview-online.com)

Filmen føregår i 1961: Sovjetunionen sjøset ein atomubåt som skal fungere som skremsel for USA.

Uferdig atomubåt


Mannskapet ombord får i oppgåve å teste alle tilgjengelege våpen, og det må skje så fort som mogleg.

Problemet er at ubåten ikkje er ferdig.

Kaptein Mikhail Polenin (Liam Neeson) skjønar raskt at båten ikkje held mål, og nektar å ta ubåten i bruk. Men kommunistpartiet vil ikkje vente, så dei set like godt Alexei Vostrikov (Harrison Ford) inn som ny øvstkommanderande og får båten til sjøs.

… men det vil den nye kapteinen. (Foto: preview-online.com) … men det vil den nye kapteinen. (Foto: preview-online.com)

Lekkasje i reaktoren


Den nye kapteinen er lojal og streng, og vil ikkje skuffe. Med seg på laget får han òg uerfarne Vadim (Peter Sarsgaard), som skal overvaka det farlege atomutstyret i båten.

Medan dei er ute i Nord-Atlanteren oppstår det lekkasje i reaktoren, og mannskapet står utan erfaring og strålingsvern til å redde seg.

Angsten, panikken og frykta lar ikkje vente på seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Farlege konsekvensar


Dersom ubåten går i lufta, døyr alle om bord. I tillegg vil det bli starten på ein atomkrig mellom USA og Sovjetunionen.

Vadim må difor velgje: vere lojal og fullføre oppdraget eller å vere moralsk og redde liv...

Den uferdige ubåten skremmar fleire enn USA. (Foto: aeronautics.ru) Den uferdige ubåten skremmar fleire enn USA. (Foto: aeronautics.ru)

Klaustrofobisk


Thrilleren inneheld lange scenar med tronge gangar og mannskapet som får panikkanfall. I motsetnad til andre amerikanske filmar, fokuserast det meir på personane om bord og mindre på action.

Filmen er blant anna blitt omtala som ein «veldig truverdig film», og det seier jo litt når plottet er det klassiske aust-vestdramaet.

I filmen spelar blant anna Harrison Ford, Liam Neeson, Peter Stebbings, Christian Camargo, Peter Sarsgaard og Joss Ackland. Regi er ved Kathryn Bigelow.

Sendetid
Filmen går fredag klokka 21.00 på TV Norge. Han har 15 års aldersgrense og ei speletid på 2 timar og 16 minutt.

Meir i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving