Går glipp av dinosaur-utstilling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei av dei største vandreutstillingane om dinosaurar blir no vist fram på museum i Europa. Men folk i Noreg får ikkje sjå utstillinga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: dinosaur.ru)(Foto: dinosaur.ru)

(NPK): Naturhistorisk museum i Oslo måtte takka nei til utstillinga på grunn av plassmangel.

- Det er ganske talande at vi er det største naturhistoriske museet i Noreg, men at vi ikkje ein gong har råd til å ta inn det som blir tilbydd på den europeiske marknaden, seier zoolog og seksjonssjef Geir Søli til Aftenposten.

Han er oppgitt over manglande ressursar og trur mange norske museum opplever same frustrasjonen.

Søli får støtte frå Cecilie Webb, leiar for Seksjon for Formidling i Norges Museumsforbund. Ho peikar på at ingen andre land har fleire museum enn Noreg per innbyggjar og at museuma difor burde prioriterast sterkare.

- Vi burde ha kjempebudsjett. Mykje er gammalt og ikkje up-to-date, seier Cecilie Webb.(NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving