Flyttar til øya si

Artikkelen fortsetter under annonsen

Piraten Depp tar med seg familien sin og forlet Frankrike til fordel for enno meir sydlege og eksotiske strok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skodespelaren Johnny Depp (43) er ikkje kjend for å vere verken straumlineforma eller Hollywood-tilpassa. Han gidd ikkje bu i USA, og no har han openbert fått lyst på noko anna enn Europa og.

Skodespelaren Johnny Depp (43) har lyst på eit litt anna liv. (Foto: thebosh.com)Skodespelaren Johnny Depp (43) har lyst på eit litt anna liv. (Foto: thebosh.com)

Pirat og privat


I desse dagar raidar han kinolerreta med sjørøvarfilmen «Pirates of the Carribean - Dead Man's Chest». Privat driv Depp og kona Vanessa Paradis (33) og planlegg flytting til Bahamas, kor begge filmane om sjørøvaren Jack Sparrow delvis er spela inn.

Det kan verke som at Depp lika seg så godt på Bahamasøyene, at han no kan tenkje seg å bu der fast.

Bahamas blir heime


Det var etter den første av «Pirates of the Carribean»-filmene at Depp faktisk kjøpte seg si eiga øy på Bahamas. Øya er 0,14 kvadratkilometer stor, og Depp betalte 3 millionar dollar, eller omlag 20 millionar kroner, for ho. Øya ber namnet «Little Hall's Pond Cay».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Me ønskjer å tilbringe meir tid på Bahamas i framtida fordi det er ein heilt annan måte å leve på her, meiner Depp, ifølgje nettstaden Real.com.

Livet er annleis, meir avslappa, på Bahamas, meiner Depp. (Foto: all-bahamas.com)Livet er annleis, meir avslappa, på Bahamas, meiner Depp. (Foto: all-bahamas.com)

- Bahamas vil bli heimebasen vår.

Marlon Brando


Det var vistnok ikkje berre filminga av «Pirates of the Carribean» som inspirerte Depp til øykjøpet. I eit intervju med The Guardian fortel Depp at hans store idol og gode ven Marlon Brando også var ei inspirasjonskjelde.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kanskje eg skal gjere som Brando gjorde for 30 år sidan: Kjøpe ei øy. Ta med jenta mi...og berre dra dit og sove.

Slik tenkte Depp i 1996, og men først i 2004 gjorde han altså alvor av det.

Dum hundekvalp


Johnny Depp og Vanessa Paradis har barna Lily Rose (7) og Jack (4). Familien har budd i heimlandet til Paradis, Frankrike, i mange år.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vil tilbake til Bahamas for godt. (Foto: Buena Vista International)Vil tilbake til Bahamas for godt. (Foto: Buena Vista International)

I høve at paret forlot Amerika for å bu i Frankrike, uttalte Depp ein gong at «Amerika er som ein dum kvalp med store tenner. Han kan bite deg og skade deg. Han er agressiv.».

Frå agressive USA via Frankrike til avslappa Bahamas, slik går no ferda førebels for Johnny Depp.

- Men me vil tilbringe tid både i Frankrike og Statane, seier Depp.
- Så barna våre vil vekse opp i fleire kulturar.

Visste du dette om Johnny Depp:

Kjelder: imdb.com, Urban Dictionary, The Guardian og westlord.com.


Meir kjendiseri:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving