Sommarklikk: Feelgooddronninga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Draumereisa går til ein plass ho meiner er «som ein annan planet». Men det er ikkje så verst heime, heller.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattar Anne Birkenfeldt Ragde sel bøker så det står etter. Med «Berlinerpoplene» og «Eremittkrepsene» har ho etablert seg som dronninga av «feelgood-sjangeren», i alle fall her til lands.

For desse to bøkene har ho fått tre prestisjetunge prisar, og romanane skal omsetjast til både engelsk, tysk og italiensk . Dessutan skal NRK skal lage tv-serie av bøkene.

Ragde er 49 år, og ho har gitt ut bøker sidan 1986. Ho har skrive mange barne- og ungdomsbøker, men det er nok som romanforfattar ho har fått den breiaste lesarkrinsen.

Når ho ikkje drys ut ord mellom permar, snakkar ho gjerne og høgt i media om ting ho er engasjert i.

«Feelgood-forfattaren» Marian Keyes har levert ei rekkje bestseljarar, også på norsk. (Foto: damm.no)«Feelgood-forfattaren» Marian Keyes har levert ei rekkje bestseljarar, også på norsk. (Foto: damm.no)

Det var til dømes Anne B. Ragde som kalla bokhandlaren frå Kabul «ein pompøs tosk».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kor har du vore i ferien?


- Mest muleg heime, er lei av å reise. Men ein tur til jazzfestivalen i Molde blei det i alle fall!

- Kva er favoritt-isen din?


- Det er yoghurt-is.

- Kva er den beste sommarmaten?


- Spekeskinke med nypoteter og varm pepparrotsaus.

- Kva gjer du når det regnar?


- Storkosar meg, eg elskar regn. Då er det varme sokkar, te og ei god bok!!

- Kor går draumereisa?


- Skulle gjerne dratt til Shanghai igjen, kor eg har vore før. Det er ein sinnsjuk by, ein annan planet!

Bergstaden Røros er noko turistane bør få med seg. (Foto: rorostours.no)Bergstaden Røros er noko turistane bør få med seg. (Foto: rorostours.no)

- Saltvatn, ferskvatn eller klor?


- Ferskvatn.



- Kva er ditt tips til sommarlektyre?


- Lett og morosamt. Maryan Keyes!!

- Kva er den ultimate sommarlåten?


- «Walking on sunshine», med Katarina and the waves.

- Kva er det finaste sommarordet du veit?


- Jordbær.

- Kva synest du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?


- Nidarosdomen, Hardanger med Vøringsfossen og Røros.

Meir om Anne B. Ragde i Neste Klikk:

Fleire sommarklikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving