Meny

Ikkje akkurat Hollywood

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

På søndag byrjar ei ny serie på TVNorge som viser dei utradisjonelle metodane politiet nyttar når drapsetterforskinga står stille.

Per Asle Rustad er tilbake på TV Norge med nok eit program med klarsynte. (Foto: tvnorge.no) Per Asle Rustad er tilbake på TV Norge med nok eit program med klarsynte. (Foto: tvnorge.no)

I «Klarsynte detektivar» får me sjå korleis drapssaker som har stoppa opp blir løyste i USA, ved hjelp av såkalla klårsynte og ekspertar på profilar av gjerningsmenn.

Dei klårsynte nyttar sine påstått overnaturlege evner til å sjå gjerningsmannen, medan ekspartar i psykologi tydar spor for å laga ein profil av gjerningsmannen.

Kjend krimekspert


Programmet har blitt tilrettelagt for norske sjåarar av den kjende krimeksperten Per Asle Rustad, som sit i studio.

Rustad har tidlegare vore programleiar i liknande program, blant anna «Fornemmelse for mord», der dei også nytta klårsynte.

Psykologi på høgt nivå


I ei av episodane møtar vi ein annan kjend person, nemleg Dale Hinman. Ho er ekspert i å lage profilar av gjerningsmenn, sjølv om ho ikkje er klårsynt. Ekspertisa hennar ligg i å tolke og tyde spor frå åstaden.

I samarbeid med politiet kartlegg ho kva slags type gjerningsmann dei leitar etter.

Ikkje akkurat Hollywood-krim, dette. (Foto: myphotographs.net) Ikkje akkurat Hollywood-krim, dette. (Foto: myphotographs.net)

Hinman har mykje erfaring og har vore med på å løyse fleire drapssaker. Ho var blant anna delaktig i arrestasjonen av Ted Bundy, kjend som ein av dei verste seriemordarane gjennom tidene.

Krim frå verkelegheita


TVNorge lovar at dette ikkje blir nokre glattpolerte Hollywoodhistorier. Programmet skal vise korleis verkelegheita til politiet i USA er og korleis dei arbeidar når etterforskinga har stoppa opp.

Første episode går på TVNorge søndag klokka 21.30.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus