Meny

Pillarguri-prisen til Navarsete

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete er tildelt Pillarguri-prisen for 2006.

(Foto: odin.dep.no)(Foto: odin.dep.no)

(NPK): Pillarguri-prisen blir kvart år delt ut i Nord-Gudbrandsdalen til sterke kvinner som har vist mot og styrke. Både menneskelege og profesjonelle kvalitetar var avgjerande for at samferdsleministeren fekk prisen.

- Navarsete vart tidleg åleine og har vist styrke og initiativ i ein vanskeleg personleg situasjon som ung enke og gardbrukar med små barn.

Som statsråd har ho også vist mot og tiltak til å rydda opp i både flykaos og streik, seier leiar i Pillarguri-komiteen, Hans Kristian Børud til Nationen.

Samferdsleminsiteren får også ros for arbeidet med å skapa tryggare vegar. Prisen er tidlegare delt ut til Wenche Foss, Mari Boine, Kari Traa, Åse Kleveland, Shabana Rehman, Annbjørg Lien, Anne-Cath. Vestly, Trine Hattestad, Rosemarie Kôhn og Marit Breivik. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus