Avril til alters
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Avril (21) og Deryck (26) skal ifølgje nettavisen.no ha gifta seg i ein privat utandørs seremoni.
110 gjester var vitne då faren til Avril, John, leia ho til alters til tonar av Mendelssohns bryllaupsmarsj. Avril skal ha bore ein brudekjole signert Vera Wang og ein brudebukett fylt med kvite roser.
Deryck Whibley og Avril Lavigne har vore kjærastar i to år og forlova seg i Italia i juni i fjor.
Avril er ei av Canadas største rockestjerner, medan Deryck gjer det skarpt med nypunkbandet SUM41.
Avril har nett sett stemme til animasjonsfilmen «Over the Hedge», samstundes som ho jobbar med det tredje albumet sitt.