Meny

Ein seriemordar er laus

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det omsynslause monstret Hannibal Lecter bit og drep ofra sine. I helga kan du sjå psykopaten i den kritikarroste filmen «Den røde drage» frå 2002.

Det sinnsjuke geniet Dr. Hannibal Lecter. (Foto: onpointradio.org)Det sinnsjuke geniet Dr. Hannibal Lecter. (Foto: onpointradio.org)

To barnefamiliar har blitt drepne på bestialsk vis: skotne og voldtatt. Mordaren har deretter knust alle speglar i husa deira, for så å setje glasskara i auga deira. Begge tilfella har skjedd ved fullmåne.

Politiet står utan spor eller motiv.

Men «Tannfea» må stoppast før han drep igjen. Og no hastar det: neste fullmåne kjem om berre tre veker.

Politiets einaste ressurs

Etterforskaren Will Graham (Edvard Norton) blir satt på saka. Han er kjend for si uforklarlige evne til å tenkje som den mest perverse seriemordar og slaktar. Men sjølv han treng hjelp. Derfor oppsøkjer han Dr. Hannibal Lecter (Anthony Hopkins), som han sjølv fekk sett i fengsel nokre år tidlegare.

Will Graham må søkje hjelp. (Foto: jsonline.com)Will Graham må søkje hjelp. (Foto: jsonline.com)

Kun det sinnssjuke geniet Hannibal Lecter er forskrudd nok til å setje seg inn i tankane til denne seriemordaren. Og nå hastar det; den neste på lista til mordarener nemleg Will Graham sin eigen familie.

Så Dr. Hannibal Lecter skal hjelpe.

Han skal berre leike seg litt fyst.

Graham sin familie er dei neste på mordaren si liste. (Foto: hollywoodjesus.com)Graham sin familie er dei neste på mordaren si liste. (Foto: hollywoodjesus.com)

«Kvalitetsgrøssar»


Skummel, spennande, gjennomført og fengslande er adjektiv brukt om denne filmen.

VG omtalar blant anna filmen som ein film som ligg «tett, tett på den definitive kvalitetsgrøssar» og «eksepsjonelt fråstøytande tiltrekkjande».

Kanskje verdt ein titt, altså.

Skodespelarane blir lovpriste for innsatsen sin i denne filmen. Anthony Hopkins, Ralph Fiennes og Emily Watson blir blant anna trekte fram som særleg dyktige i si tolking av karakterane.


Sendetid


Denne «må-sjå» filmen går på TV Norge fredag klokka 21.00, har 15 års aldersgrense og ei speletid på 2 timar og 4 minutt.

Gled dykk!

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus