Realityfeberen herjar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rekordmange nordmenn vil vere med på realityseriar i fjernsynet. Det siste året har 75.000 meldt seg på, skriv Dagsavisen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Dei rundt 100 ferskaste søkjarane til ein norsk realityserie skal snakke ut om sexlivet sitt på tv-skjermen. Dei er nærare 50 par som til no har søkt om å få vere med på TV3s nyaste serie «Sexskolen».

Deltakarar i realityseriar må vere villige til det meste. Dei risikerer å bli uthengt på skjermen, brette ut kjenslelivet sitt, gjere seg til latter for sjåarane, og seinare bli brukt som spaltefyll i tabloidaviser og vekeblad.

Likevel er interessa blant nordmenn større enn nokon gong når det gjeld å få vere med i ein realityserie. Det siste året har nærare 75.000 søkt om å få vere med. Ifølgje tal frå Ny Tid freista 60.000 nordmenn å bli med i realityseriar i perioden frå mai i fjor til mai i år. Blant dei var 10.000 som gjerne ville få eit nytt hus av TV3 i «Ekstrem Oppussing». 15.000 ville vere med i vinterens «Idol». Til årets utgåve av «Big Brother» ville 5.000 vere med. Det er ei dobling frå året før. Til no har 15.000 også meldt seg til haustens satsingar på TVNorge, TV2 og TV3.

Ifølgje informasjonssjef Jens-Petter Gjelseth i TVNorge er søkjarane til realityseriar heilt gjennomsnittlege nordmenn.

- Vi får søkjarar frå 16 til 50 år, men dei fleste er mellom 20 og 30. Søkjarane er gjerne frå byar, dei er 60 prosent menn og 40 prosent kvinner. Fleirtalet seier at dei vil vere med for å få eit avbrekk i kvardagen. Vi ser etter folk som kan tilføre programma noko. Dei som berre vil på skjermen blir ikkje plukka ut. Vi har også gjengangarar blant søkjarane. Ein kar har søkt seg til alle åtte rundane av «71 grader nord». Han kjem med i år, seier Gjelseth til Dagsavisen.

Nokre realitydeltakarar gjer karriere på fjernsyn, andre blir utelivskjendisar for ei kort stund. Dei fleste forsvinn derimot med seriane dei er med i. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving