Sommarklikk: Fantastiske Lofoten!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren Øystein Vidnes nyt sommaren med ein øl og ei bok, og saknar ein is som blei borte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Øystein Vidnes på Unstad i Lofoten. (Foto: Martin Grüner Larsen)Øystein Vidnes på Unstad i Lofoten. (Foto: Martin Grüner Larsen)

Øystein Vidnes debuterte med eit brak i 2002, med boka «Bondeforteljingar». I vår kom bok nummer to, «Ekstasar», om ein forvirra ordførar som gjer ting ein ikkje akkurat ventar av ordførarar. Men Vidnes sjølv verkar stø som eit fjell, og deler sjenerøst dei beste sommartipsa sine med oss.


- Kor er du i ferien?


- No har eg vore ein månad i Lofoten og Vesterålen. Stamsund, Kabelvåg, Unstad, Nesland, Nusfjord, Eggum, Melbu, Hadselhamn, Stokmarknes, Bø i Vesterålen, Andøya osb, osb: fantastisk!

Ingenting slår ein god, sterk bacalao, meiner Vidnes. (Foto: Svinoya.no)Ingenting slår ein god, sterk bacalao, meiner Vidnes. (Foto: Svinoya.no)

- Kva er favoritt-isen din?


- Favoritt-isen min må vere den tyrkisk- pepar - isen som kom for nokre år sidan, men som forsvann igjen like fort som han kom. Kanskje eg likte han fordi han var så flyktig?

- Kva er den beste sommarmaten?

- Ingenting slår ein god, sterk, heimelaga bacalao.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva gjer du når det regnar?

- Eg bryggar ei kanne kaffi, finn ein god stol og les ei bok.

- Kor går draumereisa?

- Draumereisa er den neste reisa, den eg ikkje heilt veit kvar går, som ikkje er planlagt, men som startar snart.

- Saltvatn, ferskvatn eller klor?

- Eg drikk helst ferskvatn, takk. ... Bading? Då tek eg kva som helst så lenge temperaturen er bra. Det er berre å innrømme det: Eg er for det meste ei lat pyse når det kjem til bading.

«Knutar» av Gunnhild Øyehaug er Vidnes sitt sommarlektyretips viss du ikkje har plass til ein haug av bøker i kofferten.«Knutar» av Gunnhild Øyehaug er Vidnes sitt sommarlektyretips viss du ikkje har plass til ein haug av bøker i kofferten.

- Kva er ditt tips til sommarlektyre?


- Det beste tipset trur eg må vere å ha mange bøker, og lese dei som fristar mest i augneblinken. Men om ein har dårleg plass i bagasjen:

«Knutar» av Gunnhild Øyehaug

er både ei god bok og ein slik kamerat som alle ønskjer å ha. Ein som du kan stole på, men som òg finn på nye ting heile tida og aldri er kjedeleg.

- Kva er den ultimate sommarlåten?

- For eit intenst sommarkonsentrat:

«Summer» av Mogwai

.... Men ikkje sjå videoen, lukk augene.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva er det finaste sommarordet du veit?

- Det må vere det ordet ein svarar eller får til svar på spørsmål om å vere med på det eine eller andre, eller på spørsmålet om ein vil bli, om ein vil ta ein til, eller kva som helst slags prøvande spørsmål sommaren kan få ein til å stille. Svaret her er altså «ja», eller: «JA!» I alle slags tonefall.

- Kva synest du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?


- Ein utepils på Georgernes Verft i Bergen i fint vêr.


Fleire sommarklikk:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving