Først med digital kino

Artikkelen fortsetter under annonsen

På fredag vert det for første gong høve til å sjå digital kinofilm her i landet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det skjer når storfilmen «Pirates of the Carribean - Dead man's Chest» har premiere på lerretet.

Noreg er først ute med dette i Europa, skriv Dagbladet. Ein har fått til eit omfattande digitalt forsøk i tolv kinoar. Oslo, Bergen, Trondheim, Sandnes, Kristiansand, Drammen, Hønefoss, Lillesand og Haugesund er byar som fredag får vise storfilmen.

Kvaliteten på filmen vil bli betre med den digitale teknikken, men publikum vil ikkje merke så mykje til dette. Filmdistribusjonen vil elles bli billegare og det vil bli lettare med premierar samstundes over heile verda.

Sjølve installeringa av det digitale utstyret vil koste kvar kino mellom 800.000 og ein million kroner. Overgangen til digitale kinoar vil truleg koste mellom 400 og 500 millionar kroner for alle landets kinoar.

I USA vil 4000 kinoar bli digitalisert berre i år, og alle i 2010. I Noreg vil kanskje alle kinoane vere digitalisert i 2010, pluss-minus eit par år.

Det vil bli fleire og fleire filmane frå Hollywood som er digitaliserte, så skal norske kinoar vere i stand til å vise desse filmane blir dei nøydde til å leggje om til digitalisering. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving