Ein herre med bart: Hissigproppen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rallykonge, finnmarking, frp-politikar og nasjonal hissigpropp Martin Schanche deler 45 års barteerfaring med oss.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rallykongen Martin Schanche er ikkje kjend for å vere blyg og tilbakehalden. (Foto: wikipedia)Rallykongen Martin Schanche er ikkje kjend for å vere blyg og tilbakehalden. (Foto: wikipedia)

Seks gonger har han vore europameister i rallycross, men dei siste åra har det mest handla om den noko uvørdne framferda hans i lokalpolitikken. Neste Klikk spurde Martin Schanche om barten hans.

Namn:

Martin Schanche

Alder:

61

Sivil status:

Gift

Bur:

Drøbak

- Kor lenge har du hatt bart?


- 45 år

- Kva er det beste med bart?


- Han er min, og ingen skal bry seg.


- Kva tenkte eigentleg Gud då han fann opp barten?


- Hår er kult.

Denne barten er kanskje litt vel stor, eller? (Foto: Bulletinboardforum.com)Denne barten er kanskje litt vel stor, eller? (Foto: Bulletinboardforum.com)

- Kor går grensa for kor stor barten kan bli?


- Grensa går vel ved levetida til bæraren av barten.

- Kor mykje pengar brukar du på barten din?


- Ingenting.

- Er det litt som å ha ein hund?


- Eg veit ikkje, eg har ikkje hund.

Is i barten er litt upraktisk, meiner Schanche. Elles er det ikkje noko problem å ha bart, i følgje rallykongen. (Foto: corporate.basf.com)Is i barten er litt upraktisk, meiner Schanche. Elles er det ikkje noko problem å ha bart, i følgje rallykongen. (Foto: corporate.basf.com)

- Har barten ein sosial effekt, er det slik at barteeigarar helsar på kvarandre på gata?


- For somme, trur eg.

- Finst det eigne butikkar med barteutstyr?


- Det trur eg.

- Kven er barte-idolet ditt?


- Ingen.

- Kven har historias finaste bart?


- David Niven.

- Er det ein bartetype du ikkje kan identifisere deg med?


- Ja, den viltvoksande typen.

- Kva er det som er mest upraktisk med bart?


- Han frys til ved minus 30°.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Både Ragnar Hovland og Martin Schance beundrar den historiske barten til David Niven.Både Ragnar Hovland og Martin Schance beundrar den historiske barten til David Niven.

- Korleis er det å kysse med bart?


- Eg veit ikkje, eg har aldri kyssa nokon med.

- Har du fått tilbakemeldingar på at det stikk?


- Ja, men ho slutta.

- Kva er det som er umogleg å ete når ein har bart?


- Ingenting.

- Går det bra å drikke, eller er det begrensingar der og?


- Ingen begrensningar.

- Kor ofte trimmer du barten?


- 2 gonger i veka.

- Kor ofte endrar du sveisen på barten?


- Aldri.

- Har du av og til bartepause?


- Nei.

Martin Schanche i farta. (Foto: schanche.com)Martin Schanche i farta. (Foto: schanche.com)

- Kunne du ha tatt barten viss du skulle gå i dekning?


- Ja.

- Kva meiner du om uttrykket «

bustebartepinn»

?


- Barn synast om det - morosamt.

- Har du farga barten nokon gong?


- Ja.

- Har du eit favorittdikt eller ein song som hyllar barten, og som du vil dele med oss?


- Nei, det har eg ikkje.


Fleire med bart i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving