Ein herre med bart: Kaada

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kaada har ikkje alltid bart, men når han har det, likar han kjensla av å gli inn blant arbeidarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik ser Kaada, det musikalske geniet, ut med bart.Slik ser Kaada, det musikalske geniet, ut med bart.

Det var Kaada som laga den fantastiske musikken til filmen «Alt om min far», og til mange andre filmar. Alt eg har høyrt av han berre gyngar seg inn i øyregangane og blir der lenge og passar på at alt er bra. No i sommar kjem ei ny Kaadaplate, «Music for moviebikers» heiter ho, og inneheld filmmusikken til ein film som ikkje finst. Men eg ville spørje Kaada om barten hans.

Namn:

John Erik Kaada

Alder:

30

Sivil status:

Kjærast


Bur:

Oslo

Og slik kan han til dømes sjå ut utan.Og slik kan han til dømes sjå ut utan.

-

Kor lenge har du hatt bart?

- Av og på i ca fem år.

- Kva er det beste med bart?


- Kjensla av å gli inn blant arbeidarane. Når vi er på turné, kan eg umerkeleg gå inn blant trailersjåførane på bensinstasjonane, mens dei andre bandmedlemmene vel å halde seg unna.

- Kva tenkte eigentleg Gud då han fann opp barten?

- Ver så god mann, viss du ønskjer det, kan du no gro hår under nasen din. Det er skikkeleg kult og kjem aldri til å gå av moten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

No i sommar kjem ei ny plate med herleg, øyregyngande Kaadamusikk.No i sommar kjem ei ny plate med herleg, øyregyngande Kaadamusikk.

- Kor går grensa for kor stor barten kan bli?


- Viss barten hemmar deg i daglege gjeremål, bør han takast. Til dømes viss han set seg fast under skosålen.

- Kor mykje pengar brukar du på barten din?


- Eg har brukt pengar på å gå til barberar nokre gonger, men eg har aldri brukt pengar på sjølve barten.

- Er det litt som å ha ein hund?


- At «no må eg lufte barten», liksom?, «no må barten ha mat», «ikkje bjeff bart!» eller «nei, ikke bæsj på teppet, bart!»... jau, det er vel eigentleg omtrent som å ha hund.

Frank Zappa var dessverre ikke tømmerhoggar. Men barten var det ikkje noko feil med.Frank Zappa var dessverre ikke tømmerhoggar. Men barten var det ikkje noko feil med.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Har barten ein sosial effekt, er det slik at barteeigarar helsar på kvarandre på gata?


- Når eg har bart, helsar eg sjølvsagt på andre eg møter med bart. Av og til helser dei tilbake.

- Finst det eigne butikkar med barteutstyr? Og kva har du kjøpt der?


- Tillat meg å nemne at eg skal helse å seie du sjølv er voldsomt fasinert av bartar, kjære journalist. Kva vi menn kan kjøpe i bartebutikkane våre, er like hemmeleg som kva jenter kjøper i menstrasjonsbutikkane sine. Vi seier det ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barten til Chuck Norris stiller sterkt som kandidat til historias beste.Barten til Chuck Norris stiller sterkt som kandidat til historias beste.

- Kven er barte-idolet ditt?


- Det må vere ein ekte arbeidar. Ein av dei eldre solide herrane som jobbar i vegvesenet. Hadde «Red Adair» hatt bart, hadde han vore det store barte-idolet mitt. Men tja, Frank Zappa var min store helt då eg vaks opp. Han er jo ikkje nokon tømmermann eller trailersjåfør då. Men eg må få nemne han.

- Kven har historias finaste bart?


- Chuck Norris stiller sterkt. Det same gjer Mario og Magnum P.I.


- Er det ein bartetype du ikkje kan identifisere deg med?

- Dei aller styggaste bartane er dei overfriserte. Nokre homsar har barbert eit mønster inn i barten. Slikt bør ein ikkje gjere. Ein bart bør ikkje vere for stor eller for fancy. Barten skal ikkje ta for mykje merksemd. Ein bart skal vere mandig, men ikkje patetisk, og ikke for styla.

Magnum P.I, spela av Tom Sellec, kjem også høgt opp på lista over dei finaste bartane i historia.Magnum P.I, spela av Tom Sellec, kjem også høgt opp på lista over dei finaste bartane i historia.

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Kva er det som er mest upraktisk med bart?


- Å oppdage at ein har snørr, ølskum eller matrestar i barten på offentlege stader er kjipt.

- Korleis er det å kysse med bart?


- Han er jo eit framandelement oppi det heile. Ein dings som ligg imellom, liksom. Viss ein absolutt må kysse, bør barten få spele med i kysseakten. Etterkvart lærer ein seg å nytte barten som eit verktøy for å heve nytingsnivået.

- Har du fått tilbakemeldingar på at det stikk?

- Det er berre i byrjinga at barten stikk. Når håra blir lange nok, faldar dei seg mjukt til side.

Viss Red Adair hadde hatt bart, hadde han vore barte-idolet til Kaada. (Foto: celebritiesfans.com)Viss Red Adair hadde hatt bart, hadde han vore barte-idolet til Kaada. (Foto: celebritiesfans.com)

- Kva er det som er umogleg å ete når ein har bart?


- Sterkt lim.

- Kor ofte trimmer du barten?


- Eg klipper kanten ved leppa når håra når nedanfor. Kvar tredje dag kanskje.


- Har du av og til bartepause?

- Bart er noko eg unnar meg nokså sjeldan. Så eg har eigentleg bartepause stort sett heile året.


Les meir på nettet:

Fleire med bart i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving