Sommarklikk: Klapp, klapp og trønder-is

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klaus Sonstad hevdar Are og Odin har den beste sommarhitten ever. Sjølv har han bytt ut P3-mikrofonen og assistenten sin for ei stund.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klaus Sonstad: Fri, glad og på ferie med ungane. (Foto: nrk.no)Klaus Sonstad: Fri, glad og på ferie med ungane. (Foto: nrk.no)

I fem år var han sauebonde (utan sau) med slips og slagstøvlar og ein sær, inn-trøndersk dialekt. Are og Odin hadde ein eventyrleg radiosuksess, og mange var dei som fortvila då programmet la ned rett før jul i fjor.

I mars var «Odin»/Klaus Sonstad tilbake med nytt program og ny radiomakker. Klaus Sonstad Show går no på P3 alle kvardagar.

Skjønt, nett no er det ferie - også for Klaus og assistenten Else Kåss-Furuseth.

- Kor er du i ferien, Klaus?


- I Danmark med barna mine, systrene mine og deira barn. Full pakke med støy og stas.

- Kva er favoritt-isen din?


Vassmelon, fetaost og raudlauk er god sommarsalat, meiner P3-verten. (Foto: tegut.com)Vassmelon, fetaost og raudlauk er god sommarsalat, meiner P3-verten. (Foto: tegut.com)

- Gullpinne! Og Rundpinne! Og Båtis! Og Creme Chocolat Mandel! Og den italienske isen i Celio isbar på «Solsiden» i Trondheim.

- Kva er den beste sommarmaten?


- Grillmat; pølser, koteletter, indrefilet av svin, laks. Og vassmelonsalat med fetaost, rødlauk og lime.


- Kva gjer du når det regnar?


- Ventar på at det skal bli sol.


- Kor går draumereisa?


- Ho går til Toscana, Italia.

- Saltvatn, ferskvatn eller klor?


- Saltvatn, utan tvil.

Innerdalen - ein bit av Noreg alle bør sjå, ifølgje Klaus Sonstad. (Foto: reuber-norwegen.de)Innerdalen - ein bit av Noreg alle bør sjå, ifølgje Klaus Sonstad. (Foto: reuber-norwegen.de)

- Kva er ditt tips til sommarlektyre?


- Odd Eidem: «Cruise».

- Kva er den ultimate sommarlåten?


- «Klapp Klapp» med Are og Odin.


- Kva er det finaste sommarordet du veit?


- Jordbær.


- Kva synest du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?


- Innerdalen på Møre. FANTASTISK!

Meir om Klaus Sonstad:


Andre Sommarklikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving