Ville ville vesten

Artikkelen fortsetter under annonsen

TV Norge sender denne helga actionkomedien «Wild Wild West» frå 1999, med Will Smith og Kevin Kline i hovudrollene.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei hemmelege agentane Jim West og Artemus Gordon. (Foto: metroactive.com)Dei hemmelege agentane Jim West og Artemus Gordon. (Foto: metroactive.com)

Filmen går føre seg i USA på slutten av 1800-talet, like etter at den amerikanske borgarkrigen er over. Der planlegg den stormannsgalne Dr. Loveless å drepe presidenten og ta over makta.

To hemmelege agentar


Derfor tilset presidenten dei to hemmelege agentane Jim West (Smith) og Artemus Gordon (Kline). Duoen blir sendt med toget vestover, og må gjere seg klare til kamp. For å seire må dei samarbeide, sjølv om den eine sver til revolver og den andre til forkledning.

Skyt først, spør etterpå. (Foto: wildwest.warnerbros.com) Skyt først, spør etterpå. (Foto: wildwest.warnerbros.com)

Og så kan dei forresten ikkje fordra kvarandre, heller.

Middelmådig parodi


Filmen parodierar westerngenren, og har generelt blitt mottatt som middelmådig av anmeldarar. VG kallar filmen for «westernmas», medan FilmListen.no påstår at filmen kunne fått grunnleggjarane av Warner Bros til å snu seg i grava.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Å forsøke å drepe presidenten er ikkje så lurt, Dr. Loveless. (Foto: wildwest.warnerbros.com)Å forsøke å drepe presidenten er ikkje så lurt, Dr. Loveless. (Foto: wildwest.warnerbros.com)

Men det er jo ikkje alltid ein er einig med kritikarane, og dessutan er det jo ingenting som kan måle seg med å sjå ein skikkeleg dårleg film.

I rollane møtar vi i, tillegg til Smith og Kline, blant andre Kenneth Branagh, Salma Hayek, Ted Levine, M. Emmet Walsh, Bai Ling, Musetta Vander og Sofia Eng. Regien er ved Barry Sonnenfeld.

Sendetid


Filmen går på TV Norge på laurdag klokka 21.30, har 15 års aldersgrense og ei speletid på 1 time og 47 minutt.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving