Skittentøy på utstilling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kor er alle single sokkar hen? Kanskje heng dei på Kongsvinger.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


«Loppete, lusete, fillete, ren...». Det er byrjinga på ei barneregle, eller ein elling om du vil, men det er og tittelen på ei utstilling som heng i Kvinnemuseet på Kongsvinger i sommar.

Går det an å vaske babyar i vaskemaskinen? (Foto: Toyni Tobekk)Går det an å vaske babyar i vaskemaskinen? (Foto: Toyni Tobekk)

...pen, edelsten


Undertittelen «Skittentøyets historie» gir ein vidare peikepinn på kva dette kan handle om. Men ei utstilling om gamle sokkar, strykejern og vaskepulver, er det noko folk treng bry seg om? Me har då alle skittentøyskorger heime.

- Joda, dette er spennande, meiner direktør for Kvinnemuseet, Kari Sommerseth Jacobsen.
- Me har vald å kombinere kunnskap om vaskevanar, tekstilar og økonomi med kunstnariske bidrag gjennom ein installasjon og ein kortfilm.

Til saman skal dette gje publikum nokre opplevingar rundt noko av det mest daglegdagse me har i livet: Reingjering og stell av kleda våre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sokkelaus Almaas


«97 enslige sokker og en tekst» heiter installasjonen.
- Men det er berre 96 sokkar, seier Kari Sommerseth Jacobsen løyndomsfullt.
- Då Jon Almaas var her og opna utstillinga i vår, såg han nemleg ein sokk som han meinte han hadde partnaren til heime. Då måtte han jo berre få han med seg.

Dette er verkeleg kunst mange av oss kunne lage sjølve: Single sokkar på utstilling. (Foto: Toyni Tobekk)Dette er verkeleg kunst mange av oss kunne lage sjølve: Single sokkar på utstilling. (Foto: Toyni Tobekk)

96 einslege sokkar, altså. Og ein tekst. Teksten på veggen fortel om den sokken me alle kjenner: Den som forsvinn i vaskemaskina og aldri, aldri dukkar opp att. Kor blir han av?

- Det kan vere at han er blitt lånt ut til denne utstillinga, meiner museumsbestyraren og utdjupar:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- I forkant av utstillinga har me nemleg bede folk låne oss ting og tang som knyter seg til klesvask og som har ei historie.

Krympa longs


Som til dømes ull-longsen ei dame har lånt vekk med følgjande forklaring: «Mor mi høyrde at denne longsen ikkje skulle kokast, men ho trudde no ikkje på at det kunne bli reint utan ein skikkeleg kokvask. Resultatet ser de her.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jau då, den ser noko kort og rar ut, der han heng på stativet med dei andre bidraga av «feilvask».

Menn sløser, kvinner vaskar


Etnolog Ingun Grimstad Klepp er forskningsleiar på Statens institutt for forbruksforskning. Ho har forska på nett dette med reingjering, og det er ein del av forskingsmaterialet hennar som dannar grunnlaget for utstillinga.

Museumsdirektør Kari Sommerseth Jacobsen med eit av objekta frå utstillinga «Loppete, lusete, fillete, ren...»: Ein ihelkokt stillongs. (Foto: Toyni Tobekk)Museumsdirektør Kari Sommerseth Jacobsen med eit av objekta frå utstillinga «Loppete, lusete, fillete, ren...»: Ein ihelkokt stillongs. (Foto: Toyni Tobekk)

Visste du til dømes at halvparten av alle menn berre brukar handkleet sitt ein gong før dei hiv det på vask? Kanskje freistande å tenkje seg at det er fordi dei slepp å vaske handklea sjølve? Til samanlikning er det berre 30% av kvinnene som gjer det same.

Vidare ser me at kvinner i dag brukar eit kvarter kvar dag på klesvask, medan menn brukar to minutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ja, det tar tid å vaske handkle...

Skjortestrykersker, finst dei?


Sjølvsagt er det lett å tru at ei slik utstilling - som til overmål finn stad på Kvinnemuseet - handlar om kjønnsroller og arbeidsfordeling i heimen. Men utstillinga gir i stor grad eit godt og viktig innblikk i den norske historia og kvardagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tenk berre på kva arbeidsplassar og -reiskapar som har vore knytt til vask og reingjering førre århundret, men som no er meir eller mindre borte. Det er ingen som annonserer i Aftenposten etter skjortestrykersker lenger.

Rekk opp handa alle dei som kan bruke ei rulle! (Foto: Toyni Tobekk)Rekk opp handa alle dei som kan bruke ei rulle! (Foto: Toyni Tobekk)

Og kor mange «unge quinder» er det som lærer seg å rulle tøyet no til dags?

Babyen ut med vaskevatnet


Kvinnene og mennene som er på utstillinga opplever nok gjerne bodskapen ulikt. Men kva med barna då? Er det noko å hente for dei?

Dei som var til stades same dag som meg, let seg i alle fall fengje kraftig av vaskemaskina «Evalet».

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg har bada i ei slik, fortel Sommerseth Jacobsen til nokre forbløffa barneansikt. Ho oppnar lokket på den toppmata maskina og syner korleis mor hennar fylte maskina med vatn og bada babyen sin oppi.

For moderne foreldre med moderne sidemata maskiner verkar det ganske utenkjeleg å gjere noko slik, men ungane ser det heilt tydeleg for seg.

- Veit de forresten korfor maskina heiter «Evalet», spør direktøren før me går.
- Det er fordi vaskemaskina skal gjere klesvasken «lett for Eva».

Visste me det ikkje!

Meir om utstillinga:

Meir kulturstoff i Neste Klikk:

Kunst og kultur i ABC Startsida.



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving