Meny

Kjendisar som sveittar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er sommar og me nyt varmen frå sola kvar einaste dag. Resultatet er lekker, solbrun hud - og usjarmerande sveittemerke på kleda.

Ja, Tom Cruise sveittar han òg. Takk og lov! (Alle foto: beygla.is)Ja, Tom Cruise sveittar han òg. Takk og lov! (Alle foto: beygla.is)

Det er ikkje til å unngå. Når sola står høgt på himmelen og overdelen blir sitjande stramt på, då kjem sveittemerka. Og la oss vera ærlege: særleg sjarmerande er dei ikkje.

Regulerar kroppstemperaturen


Reint fysisk er sveitten kroppen sin eigen måte å regulera kroppstemperaturen vår på. Og det høyrast jo utruleg fint ut at kroppen passar på oss. Om det berre kunne ha skjedd litt meir diskré, så kunne det ha sett like fint ut.

Men nå er det nå eingong ikkje slik.

Me sveittar som grisar og sveittemerka på kleda er ikkje til å unngå. Då kan det vere godt å tenkje på at me ikkje er åleine.

Hurra, Mariah Carey med sveitteringar. Akkurat slike har eg og!Hurra, Mariah Carey med sveitteringar. Akkurat slike har eg og!

«Hot» gudinne


For sjølv ikkje kjendisane slepp unna dei uheldige flekkane. Verdt å nemne er artisten Mariah Carey, som er kjend for alt anna enn sveittemerka sine. Men til tross dei lange gudinnebeina hennar, slepp ikkje ho heller unna.

Og Mariah er ikkje åleine.

Me kan i tillegg nemne kjende navn som Tara Reid, Kelly Osbourne, Halle Berry, Naomi Campbell, Tom Cruise, Mel C, Jordan og Sheryl Crowe. Og desse utgjer berre ein liten del av ei lang liste over sveitte kjendisar.

Bildebevisa


Den islandske nettstaden

Beygla

har flittig samla bilde av kjendisane slik me pleier å sjå dei, med kvite glis og nydelege kroppar. - Men med sjenerande sveittemerke på kleda.

Ein litt varm dag for Kelly Osbourne.Ein litt varm dag for Kelly Osbourne.

Med andre ord, dette er bilda kjendisane ikkje set ramme på og heng på veggen. Men for oss vanlege dødelege sveittande verkar bilda trøystande.

Litt meir kjendis


For dei neste dagane er det meldt sol i heile landet, nokre stader med temperaturar på meir enn 30 grader. Dagsavisen melder i tillegg at grunna feil med termostaten, er det nå såkalla «fellessauna» på t-banen i hovudstaden. Dermed ser det ut til å bli rikeleg med høve til å få sveittemerke både her og der.

I ei slike tider kan det vere godt å tenkje på at sjølv kjendisane sveittar så det renn. Noko som kanskje gjer dei litt meir folkelege. Og, kanskje vi kan føle oss litt i slekt med kjendisane, kanskje vi til og med kan seie at vi óg er litt kjendisar nå?

Les meir på nettet:

  • Sjå mange sveittande kjendisar her

Har du lyst til å vite meir om korleis du kan bli ein kjendis, så har Neste Klikk ein eigen kjendisskule!

Meir kjendiseri i Neste Klikk:


ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus