Kva skal katten heite?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tunkatten i Ivar Aasen-tunet i Ørsta får sin eigen nettstad i september, men han har enno ikkje fått eit namn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: Aasentunet.no)(Ill: Aasentunet.no)

(NPK): - Tunkatten kjem til å bli ein viktig del av Nynorsk kultursentrum sitt formidlingsarbeid mot barn, både i Aasen-tunet og på nettstaden, men før vi kan sleppe han heilt laus treng han eit namn, seier formidlingsleiar Marit Neergaard.

Namneforslaga kan sendast elektronisk via www.aasentunet.no eller ein kan møte opp personleg i Aasentunet og fylle ut eit skjema. Det ventar premie på den som kjem med vinnarforslaget.

Tunkatten er teikna av kunstnaren Monica Egeli, og han vil frå hausten av vere å finne på ein eigen nettstad. På denne nettstaden kan barn prøve seg på ulike spel, leikar, konkurransar og språklege opplevingar. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving