Sommarklikk: Held ein knapp på Nordkapp

Artikkelen fortsetter under annonsen

Shabana Rehman har vist oss at ein ikkje treng å vere født med ski på beina, gå frå hytte til hytte og elske rotten fisk for å vere norsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Shabana Rehmann fyller 30 år i dag. Vi gratulerer den uredde komikaren, som har slått eit slag for meir alternative men like fullt norske aktivitetar som

kyssing av kvinnelege kyrkjeministrar, rompevising

og

mullaløfting

.

Mullaløftinga gav henne mykje merksemd, også i New York Times, Newsweek, der Spiegel og ei rekkje andre europeiske og internasjonale publikasjonar.

No satsar ho på ein internasjonal komikarkarriere.

I fjor haust forlét ho landet for å gå på komikarskule i New York i eit år. Og der er ho framleis, når ho skriv heim om sommartips.

Kor er du i ferien?


- New York.

- Kva er favoritt-isen din?

- Kokos is.

Rehmans lesetips: «Spillet» av Neil Strauss og «Fyrsten» av Machiavelli - samtidig.Rehmans lesetips: «Spillet» av Neil Strauss og «Fyrsten» av Machiavelli - samtidig.

- Kva er den beste sommarmaten?


- Hot mexicansk eller pakistansk mat avslutta med sorbet. Laks med agurkksalat og kokte poteter er alltid eit favoritt-alternativ til etnisk mat.

- Kva gjer du når det regnar?

- Tar igjen det forsømte.

- Kor går draumereisa?

- Drøymer om ein jorda rundt-trip.

- Saltvatn, ferskvatn eller klor?


- Saltvatn.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva er ditt tips til sommarlektyre?


- Eg las «

The Game

» (Spillet, den sjekkemeister-boka) og «Fyrsten» av Machiavelli samtidig. Det var litt spesielt. Anbefalast.

- Kva er den ultimate sommarlåten?
-

Alt av latino-funk får meg i sommarstemning. Må innrømme at Ravi også funkar som Pavlovs metode for sommarstemning.

Nordkapp, det er noko å vise fram, synast Shabana. Her med midnattssol. (Foto: Wikipedia)Nordkapp, det er noko å vise fram, synast Shabana. Her med midnattssol. (Foto: Wikipedia)

- Kva er det finaste sommarordet du veit?


- Sval.


- Kva synast du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?

- Akkurat no held eg ein knapp på Nordkapp.


Les meir på nettet:


  • Heimesida til Shabana finn du her

Fleire sommarklikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving