Meny

Sommarklikk: Reis til Solheimsdalen!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Forfattaren, festspeldiktaren, bloggaren og førdianaren Olaug Nilssen gir deg sine beste sommartips.

Olaug Nilssen er ei travel kvinne i sommar. Ho fyk hit og dit og les frå og snakkar om bøkene sine. Men litt is og fenalår blir det tid til mellom slaga.


- Kor er du i ferien?


- Stort sett i Bergen, eg må jobbe mykje i sommar. Men eg skal også til Melbu og til Tvedestrand på litteraturarrangement, eg skal til

Aurland og møte unge litteraturkritikarar

og så håpar eg på småturar til Førde og Hardanger.

Fenalår, det må no vere skikkeleg sommarmat, meiner Olaug Nilssen. (Foto: felles.siteman.no)Fenalår, det må no vere skikkeleg sommarmat, meiner Olaug Nilssen. (Foto: felles.siteman.no)

- Kva er favoritt-isen din?


- Eg likar all slags is, så det er hipp som happ. Eg kan slå eit slag for den nye Dumle-isen, som eg smakte her ein kveld. Den var mektig og god.

- Kva er den beste sommarmaten?

- Eg likar all slags mat også, men i dag har eg gått og tenkt at eg måtte skaffe meg eit fenalår. Eg svarer fenalår!

- Kva gjer du når det regnar?

- Jobbar.

- Kor går draumereisa?

- Eg hadde syntes det var deilig å ha eit par veker i Solheimsdalen. Då skulle eg gått mykje på fjellet og lege mykje på verandaen.

- Saltvatn, ferskvatn eller klor?

- Ferskvatn. Men alt går.

Margarinboka til Øystein Runde og Kristopher Schau.Margarinboka til Øystein Runde og Kristopher Schau.

- Kva er ditt tips til sommarlektyre?


- Eg skal i alle fall lese dikt av Kjartan Hatløy og Espen Stueland. Ellers synest eg teikneseriar er bra sommarlektyre, og til no har eg lese margarinboka til Øystein Runde og Kristopher Schau, som var veldig bra, og så har eg lese eit Annika-teikneseriehefte med skrekkblanda fryd. Det var «Den nifse natta», heile historia om den ekle læraren Torben Hansen.

- Kva er den ultimate sommarlåten?

- Det er sjølvsagt varierande, men det er ofte svenske songar. I 2004 var det «Palace Station» med Melody club, i fjor var det «Det löser sig» med Timbuktu og i år er det «Snook, svett og tårar» med Snook. «Sommartider hey, hey» derimot, er heilt ute!

- Kva er det finaste sommarordet du veit?

- Det finaste ordet er «klatt», og det gjer seg til alle årstider.

- Kva synest du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?

Eg synest alle utanlandske turistar burde reise til Solheimsdalen. Om dei lovar å gjere det, så skal eg stå der og selje is.

Bloggen til Olaug:

Olaug Nilssen er nynorskredaksjonens svar på Britney Spears. Her kan du lese meir om ho:

Fleire sommarklikk:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus