Sommarklikk: Sykkel og sild
Linda Eide likar å halde seg i form, og det sluttar ho ikkje med sjølv om det tilfeldigvis er sommar. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)
Då NRK-journalisten Linda Eide fekk Kulturdepartementet sin pris for nynorskjournalistar under
Dei Nynorske Festspela
, kalla leiar av juryen Gry Beate Molvær henne «mest ein eigen sjanger i norske media».
Og vi kjenner henne igjen, anten vi ser ho på TV, susande rundt i ein Morris på jakt etter matkultur, høyrer ho på Norgesglasset i P1 eller les tekstane hennar. Eide sine bidrag er noko ein må få med seg.
Her ser du Linda sin sykkel. (Foto: lemondbikes.com)
No er det altså ferie, og då tenkte vi kanskje at ho slappar litt av. Men avslapping er openbert er ikkje nokon prioritert sommaraktivitet for den aktive radiodama.
- Kor er du i ferien?
- Oppå ein Greg Lemond 21 gir på ein veg utan altfor mykje trafikk på veg frå Kastrup til Hamburg. Dessutan på Lars Winnerbäck konsert i Stockholm, og for fyrste gong skal eg sjå proffesjonell friidrett under EM i Gøteborg, og dersom alt slår til kan eg eg kanskje komma meg til Abbas prøvekjøkken for nye sildetypar - det er draumen.
- Kva er favoritt-isen din?
- Båtis.
Alt blir klart og betydelig av Jonathan Safran Foer er Eides lesetips i sommarvarmen. (Foto: haugenbok.no)
- Kva er den beste sommarmaten?
- Sild og poteter, mozzarella og tomat. Og uansett tørr kvitvin.
- Kva gjer du når det regnar?
- Badar.
- Kor går draumereisa?
- Til Abbas prøvekjøkken i Gøteborg eller i Kungshamn eller til pyreneane for å sykla. Vonar at begge deler vil skje innan tre år.
- Saltvatn, ferskvatn eller klor?
- Ferksvatn, nærmare bestemt Monsvatnet. Men det vert nok mest salt. Klor er for så vidt ok, men det har ein tendens til å vera mykje folk i klorbad.
- Kva er ditt tips til sommarlektyre?
- «Teori og praksis» av Nikolaj Frobenius og «Alt blir klart og betydelig» av Jonathan Safran Foer.
- Kva er den ultimate sommarlåten?
- «La la la», med Massiel, Spanias bidrag til Meldi Grand Prix i 1968 (vann framfor heimefavoritten Cliff Richard med «Congratulations»). Om det regnar eller sluddar, umogeleg å ikkje verta glad av denne.
Den 25 meter høge Fritjof-statua i Vangsnes er noko Eide meiner alle turistar bør få med seg. (Foto: asken.no)
- Kva er det finaste sommarordet du veit?
Kjennkorvarmtdeterivatnet!
- Kva synast du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?
Fridtjofstatua ovanfor ferjekaien i Vangsnes (vanvittig) og alle dei 39 tunnelane mellom Voss og Bergen (opplev den norske fjellheimen frå innsida!)