Ein skrekk-klassikar
- Hallo? Kven er det? Neve Campbell i «Skrik».
TV 2 vier denne tv-helga til skrekkfilmar. Først ut er klassikaren «Skrik» («Scream») frå 1996, der ein hittil fredeleg by i California blir forvandla til ein plass der ingen kan føle seg trygg, og alle er mistenkte.
Psykotisk seriemordar
Tenåringsjenta Sidney Prescott (Neve Campbell) har ikkje hatt det enkelt den siste tida. Mor hennar vart drepen året før og far hennar er oftast på forretningsreise.
Som ikkje dette var nok, går det ein psykotisk seriemordar laus i den ellers så rolege heimbyen hennar. Når klassevenninna hennar, Casey, blir offer for mordaren, tar livet på nytt ei vond vending. Sidney blir utpeikt som neste offer, og både kjærasten og faren hennar blir mistenkte.
Sidney må finne ut kven ho kan stole på før det er for seint.
Populært karnevalskostyme. (Foto: www.kinoweb.de)
Kan det vera mora sin mordar som har vendt tilbake?
Populær
Skrekkfilmen «Skrik» har vore svært populær og har blitt ein klassikar innen sjangeren. Det er laga fleire oppfølgjarar, som har blitt møtt med blanda kritikk.
Etter at den første filmen vart utgitt, har den kvite maska som mordaren i filmen nyttar, blitt fast Halloweenkostyme i leke- og kostymebutikkar over heile verda og sjølve symbolet på skrekkfilm.
I rollane møter vi mellom andre Drew Barrymore, Skeet Ulrich, David Arquette, Neve Campbell og Courteney Cox. Regien er ved Wes Craven.
Skrekk om natta
«Skrik» går på TV 2 natt til laurdag kl 00.20, han har ei speletid på 1 time og 51 minutt og 15 års aldersgrense. Oppfølgjaren «Skrik 2» blir sendt påfølgjande kveld kl 00.10. God fornøyelse.
Viss du vil førebu deg litt på filmen, viss du ikkje tør å sjå han, eller viss du har sett han fjorten gonger før, kan du jo heller sjå ein komprimert, animert versjon av «Scream» med kaninar i alle roller:
Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving