Morrisey høyrer heime i Odda!

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Å få til ein konsert med Morrisey på smelteverket må bli det neste store prosjektet, seier kultursjef Nina Kongtorp i Odda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bjørn Rønningen som Morriseyfanen M. (Foto: Det Norske Teatret)Bjørn Rønningen som Morriseyfanen M. (Foto: Det Norske Teatret)

Oddingane byrjar så vidt å bli vande med at det umoglege er mogleg. Då Bikubesong, teaterframsyninga bygd på Frode Grytten sin suksessroman hadde premiere på Det Norske Teatret i Oslo i 2003, gjekk det ikkje mange dagane før kultursjef Nina Kongtorp drista seg til å spørje om ikkje dei kunne få til ei oppsetting i Odda og.

- Det var så vidt eg turde å spørje, seier Kongtorp til Neste Klikk. - Men så tende dei på ideen, og så fekk vi det jammen meg til. Det var heilt magisk!

M, jenta han lét som er kjærasten hans, og den sjuke mora. Birgitte Larsen, Ragnhild Hilt og Hans Rønningen. (Foto: Det Norske Teatret)M, jenta han lét som er kjærasten hans, og den sjuke mora. Birgitte Larsen, Ragnhild Hilt og Hans Rønningen. (Foto: Det Norske Teatret)

Ein spesiell stad


Til tross for vanskar med både lokale og økonomi, og takka vere mange ting som nesten burde ha gått gale, men ikkje gjorde det, blei det førestellingar også i Odda.

Smelteverket gjekk konkurs, og dermed hadde dei, paradaksalt nok, eit stort teaterlokale til å fortelje smelteverks - historier. 1. mai 2004 var det premiere i Odda på Det Norske Teatret si oppsetting av Bikubesong. No i sommar vert det sett opp nye framsyningar, og det heile gjekk så det susa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kva trur du det var som gjorde at historiene rundt smelteverksmiljøet blei ein sånn suksess?

- Odda er ein veldig spesiell stad, både historisk og geografisk. Byen er både ein svært avgrensa plass samstundes som at industrien her har vore veldig viktig for Noreg i internasjonal samanheng.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kongtorp trur nettopp det tette, spesielle smelteverksmiljøet var eit godt utgangspunkt for å fortelje universelle mellommenneskelege historier.


Den melankolske musikken til Morrisey og The Smiths går som ein raud tråd gjennom heile framsyninga. (Foto: Det Norske Teatret)Den melankolske musikken til Morrisey og The Smiths går som ein raud tråd gjennom heile framsyninga. (Foto: Det Norske Teatret)

Uventa mottaking


- Det morosame er jo at boka blei motteke på eit heilt anna vis enn Frode Grytten hadde førestilt seg. Han trudde det skulle bli ein kultroman for spesielt interesserte, og så blei det ein bestseljar.

- Eg har høyrt at biblioteket i Odda skal vere så utruleg bra, og at det har fått mykje av æra for dei gode forfattarane de har fostra. Er det sant?

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ja, dei seier så. Både Frode Grytten og Lars Ove Seljestad har sagt at det er biblioteket i Odda som har inspirert dei mest.

- Kjenner oddingane seg igjen i forteljingane til Frode Grytten?

- Det er no litt begge delar. Eg har møtt nokre gamle damer som meiner at det er litt mykje sex i forteljingane. Men stort sett trur eg oddingane er svært stolte av Frode Grytten og suksessen til Bikubesong.

- Dei byrjar ikkje å bli litt lei av å bli framstilt i suksessromanar?

- Nei, det trur eg ikkje.


Den vesle byen i enden av Sørfjorden har blitt ein mytisk stad på line med Vittula og Dublin etter Frode Grytten sin suksess med Bikubesong. (Foto: odda-plast.no)Den vesle byen i enden av Sørfjorden har blitt ein mytisk stad på line med Vittula og Dublin etter Frode Grytten sin suksess med Bikubesong. (Foto: odda-plast.no)

Litteraturisme


Den magiske suksessen med Bikubesong har inspirert Odda kommune til å satse vidare på litteratur. Det blei laga ei bok bak boka, ei kartbok der Frode Grytten viser deg kor episodane i Bikubesong føregår fysisk i Odda. Frode Grytten sjølv har guida folk rundt i byen, men i sommar blei det tilsett byguidar som gjorde jobben slik at fleire fekk høve til å vere med.

- Vandringane byrjar i ei leiligheit i Murboligen, huset alle historiane kretsar rundt. Det har endå ikkje tatt heilt av med det vi kallar litteraturismen, men mange tilreisande har både vore med på vandringar og sett framsyningane i sommar. Dette vil vi gjerne jobbe vidare med, vi veit at moderne reisande er ute etter opplevingar, her i Odda får dei både kultur og natur på ein gong.

Til hausten blir det igjen litteratursymposium i Odda, denne gongen med politisk litteratur som tema.

- Det er jo fleire forfattarar enn Grytten og Seljestad som kjem frå Odda. Til dømes kjem Knut Olav Åmås og Marit Eikemo herifrå. Og Olaug Nilssen driv akkurat og flyttar hit, mannen hennar har fått jobb i lokalavisa!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Til litteratursymposiet 12. - 15. oktober i år kjem i tillegg til dei nemnde gamle og nye Oddaforfattane også Dag Solstad, Kjartan Fløgstad, Arne Svingen, Ingelin Røssland, Knut Nærum og Øystein Vidnes.

Kva tid kjem den ekte Morrisey til Odda? (Foto: morrissey-solo.com)Kva tid kjem den ekte Morrisey til Odda? (Foto: morrissey-solo.com)

Morrisey på smelteverket


Framsyninga Bikubesong, som no er avslutta, var ikkje berre ein hyllest til Odda og miljøet rundt smelteverket, men også til artisten Morrisey. Det som gjorde det ekstra magisk var dei melankolske songane til Morrisey og The Smiths som gjekk som ein raud tråd gjennom stykket.


- Veit du om Morrisey har lese Bikubesong?

- Det burde han jo gjere, men eg trur ikkje han les anna enn engelsk. Boka er oversett til mange språk, men endå ikkje engelsk.

- Kva tid kjem Morrisey til Odda for å halde konsert på det nedlagde smelteverket?

- Å. det kan vi drøyme om. Jau, det må jo bli det neste store prosjektet. Kva hadde Morrisey på Øya-festivalen å gjere? Det er her i Odda han høyrer heime! seier ein ivrig kultursjef med glimt i auga.



Les meir på nettet om:

Les meir i Neste Klikk om:


- og om den nye oddaforfattaren Olaug Nilssen:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving