Ekle kryp eller fine damer?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Omlag 80 prosent av alle sommarartiklar handlar om vêret. Denne er ikkje noko unntak.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: chiark.greenend.org.uk)(Foto: chiark.greenend.org.uk)

Eg vart lova ein dag som skulle bli både solrik og varm, noko eg verkeleg hadde sett fram til. Det blei den derimot ikkje.

Sola gløtta så vidt igjennom eit tungt skylag, og temperaturen var heller ikkje noko å skriva heim om. Var dette alt? Eg følte meg rett og slett litt snytt.

Syndebukken


Kvelden før hadde eg sitte oppe til halv to for å få med meg den aller siste vêrmeldinga. Litt forseinka kom metrologen, ei ung dame som hadde med seg både bilete frå satellitt og målingar på ditt og datt.

Sol, sol, kom igjen. (http://kunst.no)Sol, sol, kom igjen. (http://kunst.no)

Konklusjonen var ikkje til å ta feil av: Kom deg ut i sommarvarmen!

Konklusjonen min om den same dagen, då eg forventningsfull sto opp og tok på meg kortbuksa, blei derimot litt annleis: Eg burde ha halde senga.

Blonde vêrmeldingar


Vermeldinga heldt tydeleg ikkje stikk. Til tross for at kanalen nyleg bytte ut blondinene med brunetter, framstår vêrmeldingane i mine auge like blonde som før.

Men vêrdamene er dei einaste eg har å rette meg etter. Korleis kan eg fri meg frå dei håpa dei gir meg? tenkte eg desperat. Korleis kan eg finne ut sjølv kva vêr det skal bli? Eg bestemte meg for å setje meg inn i dei gamle vêrteikna.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vêrdamene på TV2 er ikkje alltid til å stole på, men dei er no mykje finare enn sneglar og frosk. (Foto: TV2.no)Vêrdamene på TV2 er ikkje alltid til å stole på, men dei er no mykje finare enn sneglar og frosk. (Foto: TV2.no)

Så istadenfor å bli sitjande i det som skulle ha vore solsteiken, gjekk eg inn og fann fram til gamle vêrteikn på nettet. Skjematisk tok eg for meg teikn for teikn. Det gjekk opp for meg at overraskande mange av dei involverte dyr. Alle saman, faktisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vêrteikna


Her er nokre av dei teikna eg fann:


«Viss grashoppa spelar ivrig blir det ein fin dag»,

«Når frosken krabbar opp på land blir det regn»,

«Når svalene flyr høgt blir det godvêr»,

«Viss biene flyg heim til kuben blir det regn»,

Når edderkoppen spinn nettet sitt nær bakken blir det fint vêr, visstnok. (Foto: spiderzrule.com)Når edderkoppen spinn nettet sitt nær bakken blir det fint vêr, visstnok. (Foto: spiderzrule.com)

«Når edderkoppen spinn nettet sitt nærmt bakken blir det fint vêr»,

«Viss det kryp kvite sniglar over stien blir det godvêr».

«Svarte sniglar betyr regn.»

Var det slik dei fann ut kva vêr dei hadde i vente før i tida?

Dette var definitivt ikkje små, søte dyr med pels og godt gemytt, slik eg hadde håpa på. Nei, det var slike ekle små nokon. Dei verka direkte ufyselege alle saman. Eg hadde rett og slett gløymd kor mange ekle kryp som er der ute i det fri. Og dei ga meg ikkje spesielt lyst til å gå ut igjen, heller.

Så der og då var eg faktisk glad for at det var så dårleg vêr at eg slapp å vera utandørs.

Dei ekle små krypa kunne berre ha det så godt der ute. Så kunne eg halda meg inne og følgja med på vêrmeldinga. Vêrdamene er no i alle fall fine å sjå på, og sikkert meir pålitelege enn sniglar og frosk.


Kjelde:

godetips.no

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving