Egyptiske styresmakter jaktar på «Da Vinci-koden»
Cairo (NTB-AFP): Boka er ikkje offisielt forbode i Egypt men informasjons - departementet i landet har åtvara forleggjarar og bokhandlarar mot å selje ho.
Tidlegare i månaden blei 2.000 kopiar av filmversjonen av Dan Browns populære bok beslaglagt i Egypt, og eigaren av eit lokalt filmselskap blei arrestert.
Kulturminister Faruq Hosni varsla deretter eit forbod mot filmen og på grunnlag av at ho «vanhelgar religionane».
Hosni gjorde det samstundes klart at hans eige departement ville hjelpe informasjonsdepartementet med å sikre at «Da Vinci-koden» ikkje finn vegen inn i egyptiske bokhyller.
«Da Vinci-koden» har utløyst sterke reaksjonar blant dei koptiske kristne i Egypt, som utgjer mellom 6 og 10 prosent av landets befolkning på 72 millionar og kallar boka blasfemisk. (©NTB)