Det stive, nynorske naseskaftet

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nynorsken vil leve gjennom fornying, ikkje berre ved bevaring, sa Karsten Alnæs. Som ein av to bokmålsforfattarar fekk han utfordre nynorskrørsla under festspela sist veke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Saman med Forfatterforeningas Anne Oterholm vart han grilla av kulturjournalist i Bergens Tidende, Jan H. Landro, under opningshøgtida.

Optimistar på nynorskens vegner? Jan H. Landro (t.v.), Anne Oterholm og Karsten Alnæs går nynorsken etter i saumane. (Foto: Toyni Tobekk)Optimistar på nynorskens vegner? Jan H. Landro (t.v.), Anne Oterholm og Karsten Alnæs går nynorsken etter i saumane. (Foto: Toyni Tobekk)

Viktig litteratur


Båe uttrykte optimisme på nynorskens vegner. Men språkleg utvikling og endring er og viktig, skal ein ikkje stivne i gamle former, meinte Oterholm. Sjølv skreiv ho sin første roman på nynorsk, men enda med å gje han ut på bokmål.

- Lesarar treng språkleg mangfald, sa ho og refererte til lesargrupper så vel utanføre som innanføre det nynorske litterære kjerneområdet.
- Litteraturen er viktig for forståinga av nynorsken, sjølv for konservative bokmålslesarar.

På barrikadane


Alnæs meinte på si side at sjølv om nynorsken har festa seg i folket, er det heile tida naudsynt å stå på skansane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nynorskrørsla må fange inn dei gode forfattarane, få plass i avisene.

At det vil koste, var ikkje Alnæs i tvil om.
- Det gjer det, når ein er i mindretal. Men eg er ikkje i tvil om at bastionen vil halde.

Valfridom vanskeleggjer


Han var elles oppteken av normeringa innanfor nynorsken og hevda at mange av utfordringane som språket står overfor handlar om nett det:

Arne Garborg brukte båe målformene. (Foto: kb.dk)Arne Garborg brukte båe målformene. (Foto: kb.dk)

- Sjølv om det skapar spenst i språket, er det vanskeleg å identifsere seg innafor ei ramme når det er så stor valfridom som det er i nynorsken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Landro drog fram dømet «Noen venner slåss», som visstnok kan skrivast på 36 ulike, men korrekte, vis på nynorsk. Alnæs måtte noko lattermildt medgje at det faktisk var han sjølv som stod bak den utsegna.

Politiske beslutningar


Oterholm tok vidare til orde for at dei som sit med makta må byrje å sjå at det altså finst færre lærebøker på nynorsk enn på bokmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nynorsken si rolle avheng mykje av politikarane som må forstå at det kostar å trykkje skulebøker på båe mål. Dei må ønskje at det skal vere slik og våge å fatte avgjerdsler. Ellers blir nynorsken marginalisert.

- Men språket kan vel ikkje overleve berre på politikk eller økonomi, utfordra Landro.

Til det svara Oterholm at ho opplever at det er stor vilje til å ville bruke språket, og at ho såleis ikkje oppfattar nynorsken si rolle som trua.

Bokmål = dansk


Båe to forfattarane hadde og med gåver til festspela i form av nyskrive materiale som dei las opp for publikum. Anne Oterholm fortalde om oppveksten sin med ei mor som var svært ihuga på dialekt- og nynorskfronten, og som meinte bokmålet var dansk.

- Sidan eg er fødd i amerika, er eg eigntleg ein danskspråkleg amerikanar.

Ho kunne og avsløre at sidemålet var eit av yndlingsfaga hennar på skulen. - Heilt sant!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det at ho valde å gjere debutboka si om frå nynorsk til bokmål handla om at det var det som blei rett - for den boka.

- Målet er meg, mitt mål er meg.

Utan autoritetsfrykt


Karsten Alnæs skisserte si nynorske livsreise som byrja med teikneserier i Nynorsk Vekeblad han las som barn. - Opp gjennom skuleåra og i livet mitt som journalist og forfattar har eg møtt mange nynorskingar som har vore sanne mot kjernen og ikkje bøygd av for autoritetar.

- Det kan nok vere noko stivt over desse nynorske naseskafta.

Han meinte og at ein berre må ta inn over seg at nynorsken er eit minoritetsspråk, og at bokmålet er majoritetsspråket her i landet. Men både bokmåls- og nynorskfolk kan og bør bruke det andre målet og såleis fornye seg.

- Garborg skreiv både på nynorsk og bokmål, må me hugse på.

Meir om:

Meir om Dei Nynorske Festspela i Neste Klikk:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving