Sommarklikk: Sjå opp for hai
Han er nett ferdig med den nye boka si, «Babylon Badlands», så nå skal Levi Henriksen ha litt ferie. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)
Bokhandlarprisen for «Snø vil falle over snø som har falt» må ha smaka Levi Henriksen godt. Det var trass alt den første romanen han gav ut.
Men før det hadde han gjeve ut novellesamlingar som og vart svært, svært godt tatt i mot. Og som lesar har han eit nært forhold til novellene, både eigne og andre sine.
- Kor er du i ferien?
- Stort sett ved Flygindsjøen, som er Flyktningesjøen i røynda, for dei som er godt kjend på Skogli. Har nettopp levert manus til haustens roman, «Babylon Badlands», så eg vil forhåpentlegvis ha ein rolig sommar saman med dei to barna mine og kona.
Elles skal eg saman med Thomas Mårud spele på Kongsberg Jazzfestival og under festspela i Elverum. Eg har dessutan ein opplesing i Tvedestrand.
Ein tur til Sverige og cowboybyen High Chapparal står også på køyreplanen.
- Kva er favoritt-isen din?
- Det må være den som eg plukka laus frå isbreen Leconte Glacier utanfor Petersburg, Alaska, våren 1997. Den gjorde seg veldig godt i ingefærølet.
- Kva er den beste sommarmaten?
Jambalaya er ein risrett frå sørstatane. Alltid godt, visstnok. (Foto: tasteadventure.com)
- Jambalya eller gumbo slik dei serverer han i Louisiana. Eller, eg et det året rundt.
- Har forresten ingen spesiell sommarmat, det avheng heilt av humøret. Vinterstid er det derimot ein del matretter eg berre et under den årstida.
- Kva gjer du når det regnar?
- Les, høyrer på musikk eller sit berre inne og stirar ut. Eg likar at det regnar om sommaren, så sant det ikkje pøser ned i fleire veker. Sommarregn gir ein veldig spesiell stemning som fascinerer meg både som menneske og forfattar.
- Kor går draumereisa?
- Ho går stort sett til Amerika, kor eg har vore ofte. Men eg kunne også tenkt meg å besøke Argentina eller Chile, det er to land som fascinerer meg veldig. Japan kunne eg også tenke meg å reise til.
- Saltvatn, ferskvatn eller klor?
Ferskvatn. Det er kva eg er vant til. Synast saltvatn er skummelt. Der er det sikkert krokodiller, haiar og sånn. Eg så for mange Tarzanfilmar som barn.
- Kva er ditt tips til sommarlektyre?
Thomas Mårud og Levi Henriksen blir å høyre saman på jazzfestival i kongsberg og på festspela i Elverum i sommar. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)
- Ein av dei to første novellesamlingane til Tim Gautreaux. «Welding with children» eller «Same places, same things». Eg elskar noveller året rundt, men kanskje spesielt om sommaren.
- Kva er den ultimate sommarlåten?
- «Rockaway Beach» med Ramones.
- Kva er det finaste sommarordet du veit?
- Sommarord? Eh. «Bikini». «Kone». «Konebikini»?«Bikinikone»?
- Kva synest du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?
- Eit ønskje om å kome tilbake og tilbringe ennå meir tid her.
- Kanskje også ei forståing av at nordmenn er ganske staute og pålitelege, når ein først kjem forbi den litt avvisande og samtidig nokre gonger brautande måten å vere på.
Meir i Neste Klikk:
Levi Henriksen blir rockestjerne!
Litt.klikk: «Bare mjuke pakker under treet»
Mjuke pakker, kalde mord og stumme griser