Fest og spel og nynorskfolk
Sjølvaste gamalhøvdingen, Ivar Aasen, fekk og velfortent merksemd under festspelopninga. (Foto: Toyni Tobekk)
Det var både regn og sol over Aasentunet under opninga onsdag kveld. Slik stressar ikkje opp vestlendingar som er vane med all slags vêr.
To jubilantar
Ein blid og bunadskledd leiar av Noregs Mållag, Hege Myklebust, fekk æra av å vere vert for opningsarrangementet. Ho kunne fortelje at det ikkje berre er mållaget som jubilerer i år; festspela kan no sjå tilbake på femten år med feiring av den nynorske kulturen.
Nynorsk for alle
Til å halde opningstale for festspela hadde arrangementskomiteen i år vald formann i forfattarforeninga, Anne Oterholm. Ho streka under at Dei nynorske festspela ikkje er til for ein segmentert del av befolkninga, men er ei feiring av både lokal og nasjonal interesse.
- Ein kan jo spørje seg, etter femten år, om det er fleire nynorskforfattarar å ta av for framtida, smilte ho, og hinta til festspeldiktarane som vert rekruttert frå nettopp denne gruppa kvart år. Sjølv meldte ho tilbake til salen at ho var trygg på at det var meir enn folk nok å ta av.
Den unge, flinke festspeldiktaren med direktør og nynorskhøvding Ottar Grepstad. (Foto: Toyni Tobekk)
Ung diktar
Dermed vart det opna sceneplass for årets festspeldiktar, Olaug Nilssen, som las frå boka «Vi har så korte armar». Viss ein skal gå ut frå at nynorskfolk er så alvorlege og ihuga som nokon påpeika seinare på kvelden, så fall opplesinga veldig godt i smak. Det blei både humra og ledd frå salen.
Olaug Nilssen (28) er den yngste festspeldiktaren nokon sinne, noko som har blitt gjort til eit poeng ved meir enn eitt høve. Sjølv seier ho i eit intervju i festspelavisa at ho skjønar at det å velje ein ung forfattar handlar om å sjå framover.
- Men eg håpar sjølvsagt noko av grunngjevinga er at eg skriv gode bøker, uttalar Nilssen audmjukt.
Bokmålsfolket svara
Anne Oterholm og Karsten Alnæs var inviterte som gjester hjå kulturjournalist Jan H. Landro. Med seg hadde dei båe nyskrivne tekstar i gåve til festspela. Det er første gongen to bokmålsforfattarar er inviterte til litteraturstunda, og Landro gav dei meir enn eitt høve til å seie noko om deira forhold til nynorsk litteratur, kultur og språk
Heilt til topps
Seinare på kvelden blei årets nynorskbrukar kåra.
Årets pris gjekk til Kari Traa
for hennar bruk av nynorsk i næringsverksemda si, som særleg er retta mot yngre miljø.
- Årets nynorskbrukar har vist at den som er seg sjølv, kan nå heilt til topps, sa Oddvar Haugland, styreleiar i Nynorsk Kultursentrum, i talen sin til Kari Traa.
Dei tre tenorane, Sveinung Hølmebakk, Jan-Tore Saltnes og Aasmund Kaldestad, her med Sjur Hjeltnes. (Foto: Silje Holte)
Tre tenorar
Musikk høyrer med ein slik kveld. Sveinung Hølmebakk, Jan-Tore Saltnes og Aasmund Kaldestad, eller Nordic Tenors som dei kallar seg, song både under opninga og hald konsert seinare på kvelden. Dei tre tenorane leverte mellom anna italiensk opera og Beatles omsett til nynorsk.
Avslutningsvis var det tekstlesing og bekransing ute på tunet. Olaug Nilssen les meir frå boka si, medan Ottar Grepstad la ned krans ved bautaen.
Regnet hadde gitt seg, sola og knotten kom fram, og festspela hadde fått eit vel plassert avspark.
Meir om:
Kva vêr er det i Volda?
Her finn du Voldavêret
Meir om Dei Nynorske Festspela i Neste Klikk:
Festspeldiktar Olaug Nilssens eigen blogg: Skoddeheimen
Meir om Olaug i Neste Klikk:
Les meir nynorsk i Neste Klikk: