Ordtaket eg elskar å misbruka

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er få ting som hjelper ein betre ut av ei kjedeleg knipe enn eit klokt, veluttalt ordtak på sparket. Og eitt ordtak er betre enn alle dei andre. Det fungerer, gong på gong.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre spring når dei kjem for seint på jobben. Eg nyttar ordtak. (Foto: photos-of-the-year.com) Nokre spring når dei kjem for seint på jobben. Eg nyttar ordtak. (Foto: photos-of-the-year.com)

«Betre seint enn aldri» er lett å hugse og robust nok til å kunne vris og vendast til mi eiga vinning. Det er sleipt, kort og ei allmenn godkjent unnskyldning. Ein må berre elska det!

For seint på jobben


Dei fleste av oss har vel trengt å unnskylda eit par forseintkomingar på jobben. Kanskje ikkje så reint få heller.

Her er ordtaket i sitt ess. Kven kan nekta for at det var betre at ein faktisk kom på jobb og fekk gjera noko ut av dagen, enn at ein ikkje møtte opp i det heile? Ingen!

Forseinka bursdagshelsing


Eg merka sjølv at ordtaket var godt, då eg var jubilant for nokre dagar sidan. Nokså snytt sat eg og venta på gratulasjonar frå dei som burde ha hugsa meg. Då dagen nærma seg slutten var det framleis nokre som hadde gløymt meg. Makan! Lett irritert gjekk eg til sengs, litt i tvil om dei skulle få tilsendt ein reaksjon. Ei lita påminning, berre. Det blei med tanken.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Betre seint enn aldri, ikkje sant vennen? (Foto: ripway.com) Betre seint enn aldri, ikkje sant vennen? (Foto: ripway.com)

Dagen etter vakna eg opp til ei melding. «Grattis med dagen. Betre seint enn aldri,» stod det. Dermed strauk eg eit namn frå lista over dei som ikkje kjem til å motta noko julegåve frå meg i år. Ordtaket hadde gjort det igjen.

Husleiga


Husleiga på nokre tusen i månaden er alltid sure pengar. Spesielt når ein har så mykje ein heller ville ha brukt dei på. Ingenting oppmuntrar og beroligar ein gammal husvert betre enn dette muntre ordtaket på morgonkvisten. «Leiga kjem snart den, Nilsen. Betre seint enn aldri, veit du.» Og leiga den får utebli, i alle fall nokre dagar til. Og i alle fall til eg har fått sett «The Omen» på kino.

Avtala som blei gløymt


Sjølvsagt lovar eg gong på gong å ikkje gløyme å møte opp til avtalar. Men sjølvsagt blir mange av dei gløymt. I alle fall dei som verkeleg betyr noko, sånt slår jo aldri feil. Sjeldan er eg derfor gladare for ordtaket enn i slike stunder. «Betre seint enn aldri,» prøvar eg angrande når eg kjem andpusten til avtala, godt forseinka.

Og dermed blir eg unnskyldt. Igjen.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving