Stjerne på ein-to-tre

Årets idolfeber er over og me sit fulle av abstinensar og ventar på neste runde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Jude Harrison vinn Instant Star og må kjapt bevise for bransjen at ho dug. (Foto: www.studentsoftheworld.info.) Jude Harrison vinn Instant Star og må kjapt bevise for bransjen at ho dug. (Foto: www.studentsoftheworld.info.)

I mellomtida kan kanskje TVNorge døyve litt av suget med dramaserien «Instant Star» som i 13 episodar skal vise oss litt av popstjernelivet.

Den kanadiske dramaserien fortel om rockejenta Jude Harrison, ei 15 år gammal jente som forsøkjer å oppfylle jente- draumen om platekontrakt ved å delta i song- og låtskrivarkonkurransen Instant Star.

Ho veit at ho har stemma og tekstane som skal til, men blir likevel overraska då ho går rett til topps i konkurransen. Den ærlege, rå musikken hennar har slått an. Frå nå av er livet hennar forandra for alltid.

Nytt liv


Jentungen må like etter at konkurransen er over bevise for plateselskapet og bransjen at ho dug. Den nye kvardagen hennar er travel og fyllast raskt opp med møte med managerar og produsentar, presse, konsertar, festar, release-datoar, paparazzi og groupies.

Attpåtil skal kjendislivet flettast saman med Jude sitt privatliv, som består av eit par kranglande foreldre, ei sjølvopptatt syster og ein eks-kjærast som involverer seg i bestevenninna hennar. Alt som høyrer med i eit tenåringsliv, med andre ord.

Kritikarrost soundtrack


Til kvar episode er det laga ein ny, original song som skal belyse det som hender. Hovedrolleinnehavaren, Alexz Johnson, syng sjølv alle songane i serien og har vore med på å skrive fleire av dei. Fleire kritikarar har uttalt at kvaliteten på desse songane ligg hakket høgare enn det reelle artistar lagar, og det som herjar på toppen av hitlistene i dag.

Populær serie


Den kanadiske serien blei ein umiddelbar suksess i USA og Canada, spesielt blant kvinnelege sjåarar. I 2005 vart programmet nominert til den kanadiske prisen Gemini Award, som tilsvarar den amerikanske Emmy Award. Sesong 2 er allereie ferdig innspelt og sesong 3 kjem neste år. Rettane til serien er seld til tv-kanalar i meir enn 121 land og samlar tilsaman fleire millionar sjåarar kvar einaste veke.

Instant Star kan du sjå på TVNorge kl 16.40 kvar søndag frå 25. juni. Kvar episode varar snaue 30 minutt.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy