Frukost a´la Schakenda

Artikkelen fortsetter under annonsen

Neste Klikks utskremde journalist melde seg frivilleg på kjøkkenet til stjernekokk og bakarmeister Morten Schakenda.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Morten Schakenda; frå suksess i byen til suksess på bygda.Morten Schakenda; frå suksess i byen til suksess på bygda.

Morten Schakenda var på kokkelandslaget, han arbeida på dei beste resturantane i Oslo, på Gastronomisk Institutt i Stavanger og han var også med på å starte fleire resturantar i Oslo, før han brått hoppa av karusellen i hovudstaden, for å starte bakeri på Lom.

Og sjølv om ein etter namnet skulle tru at Morten Schakenda hadde anar som strekkjer seg tilbake til ein liten brødbakande landsby i Frankrike, er dette faktisk ganske langt frå sanninga. Morten kjem frå Gjersvika på Sunnmøre, og dialekta held han på trass kjendisrenomme på Vestkanten i Oslo.

Jounrnalist og bakarsvein


Brød a´la Schakenda var populært i Aasentunet torsdag.Brød a´la Schakenda var populært i Aasentunet torsdag.

Etter erfaring på heimefronten, veit eg at kokkar sjeldan har tid til overs. Eg melde meg derfor frivilleg som kjøkkenhjelp og bakarsvein på kjøkkenet i Aasentunet før festspelfrukosten, for å bli betre kjend med sjølvaste Morten Schakenda.

Morten tok meg sjølv i mot med eit varmt smil, før eg fekk tildelt eit forkle for dagen. Eg og mr. Schakenda pakka ut dei 150 ferske brøda som hadde kome med ekspressfart frå Lom denne natta, for å mette svoltne og nyfikne sunnmøringar under Dei Nynorske Festspela.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

We go way back


Alltid tilgjengeleg, til og med på kjøkkenet.Alltid tilgjengeleg, til og med på kjøkkenet.

Eg må innrømme at eg var ganske spent på å møte Morten Schakenda, etter han liksom på så «mystisk vis» braut opp frå storbyen og busette seg på eventyrleg vesle Lom i staden. Denne mystikken forsvann like fort som skyene for sola, då vi kom i gang med førebuingane til festspelfrukosten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og etter vi hadde prata litt og funne ut at både underteikna og Morten hadde jobba for dei same folka i resturantlivet i Oslo, og at han har drukke kaffe med min svigerfar, vart eg og Morten som gamle kjende der bak på kjøkkenet, blant ferske brød og god prat.

Fullt hus


Med god grunn var det mange som fann vegen til Aasentunet for å smake på dei berømte bakarvarene denne morgonen. Og sjølv om svetteperlene raskt kom fram på panna mi ettersom folk strøymde til, var det ikkje teikn til stress hos bakaren sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gutane bak Mylna i Volda leverer mellom anna mjøl til bakeriet på Lom. Frå v. Thor Heggedal, Elias Moe og Torbjørn Nes.Gutane bak Mylna i Volda leverer mellom anna mjøl til bakeriet på Lom. Frå v. Thor Heggedal, Elias Moe og Torbjørn Nes.

- Varmt her? Hahaha, lo Schakenda nøgd. - Då skulle du ha vore i bakeriet mitt!

Eg hadde nok med å springe i skytteltrafikk til og frå kjøkkenet, med påfyll av brød.

Så medan journalisten sprang rundt i forkle med varmt kveitebrød, gjekk både Ane Dahl Torp og andre kjendisar forbi, medan kamera og journalistblokka låg att på bakrommet.

Litt av ei historie!


Men det var altså ikkje berre eg som var interessert i bakgrunnen til Morten Schakenda, og historia fekk publikum då Morten sjølv stod fram og fortalde om korleis stjernekokken vart bakar i eige bakeri.

Brød og tale til folket! Mange hadde teke turen til Aasentunet denne morgonen.Brød og tale til folket! Mange hadde teke turen til Aasentunet denne morgonen.

- Eg var lei av resturantbransjen og kontrakter som aldri vart innfridde. Så inviterte eg meg sjølv til jobbintervju hos Åpent Bakeri i Oslo, for å lære å lage brød av det beste bakeriet i Noreg, eit halvt års tid. Der vart eg værande i to og eit halvt år. Der lærte eg å bake brød av Frankrikes beste bakar, kunne han fortelje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var også andre ting som endra seg i Mortens liv etterkvart.

- Som tobarnsforeldre ville eg og Janette ut av Oslo. Eg kom til eit punkt i livet då eg sat med tre alternativ; Å verte kjøkkensjef på ein resturant i Tokyo, å verte kjøkkensjef på ambassaden i Roma, eller å starte mitt eige bakeri. Eg valde det siste, fortalde han til eit imponert publikum i Aasentunet onsdag morgon.

- Tilfeldigheitene gjorde at eg var ein tur i Lom for å halde eit kurs, og såg to gamle hus ved elva. Det gjekk ikkje mange timane før eg kom ut av kommunehuset og hadde fått dei to husa gratis av kommunen for å byggje bakeri.

- Då eg kom i banken for å låne pengar, hadde den summen eg hadde bede om i følgje mitt eige budsjett fordobla seg også. - Jammen dette er jo feil, sa eg. - Det er mogleg du kan å bake, men rekne kan du i alle fall ikkje, sa banksjefen i Lom då, humra Morten mens han tenkte tilbake på hjelpsame aktørar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tilfeldigheiter og takksemd


Festspeldiktaren glitra med sitt nærver på Aasentunet innimellom seminar og festspel arrangement.Festspeldiktaren glitra med sitt nærver på Aasentunet innimellom seminar og festspel arrangement.

- Livet består av tilfeldigheiter som er fletta inn i kvarandre. Eg har vore veldig heldig, men vi har ikkje kome dit eg er i dag utan å leggje ned mykje arbeid. Det gjekk med mykje pengar, tid og arbeid til å rive husa eg fekk, rydde tomtene og byggje opp det nye bakeriet.

- Den dagen vi opna bakeriet på Lom, var eg konkurs, eg hadde til og med kjøpt koppar og kar på krita, innrømmer ein audmjuk bakar. I dag greier vi oss fint og sommaren har alt å seie for Lom, for å seie det slik; i januar i fjor omsette vi for 200 000 kr, i juli for 1 200 000 kr, fortalde han kry, men fatta til publikum.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Høge mål


- Vi har eit mål om å ha ope heile tida. Det er mange som kjem innom oss for ein kaffekopp klokka tre om natta før dei skal ta nattbussen. Så er det lys, er det liv! Og mitt mål er at bakeriet vårt på Lom skal verte betre enn Åpent bakeri. Slik det er no, er det 30% av brøda vi bakar på Lom som vert kjøpt av folk på Lom. 70% leverer vi landet over; Bergen, Oslo, Ørsta, Ålesund og andre stader, sa bakarmeisteren.

Og medan Morten Schakenda fortalde vidare om næringslivet i Lom, framtidsplanar og det han brenn for til frukostetande festspeldeltakarar, sprang journalisten vidare for å prøve å etterfylle dei store traua med brød frå Lom, som i Aasentunet gjekk som... ja, akkurat slik ordtaket seier.


Fyl med på Dei Nynroske Festspela i vår eigen festspelkategori


Meir informasjon om:
Dei Nynorske Festspela 2006
Aasentunet

Noregs Mållag

Kva vêr er det i Volda?
Her finn du Voldavêret

Gruppa Vamp si heimeside

Festspeldiktar Olaug Nilssens eigen blogg: Skoddeheimen

Meir om Olaug i Neste Klikk


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving