Hundre nye salmar

Artikkelen fortsetter under annonsen

I vinter inviterte Nynorsk kultursentrum til salmekonkurranse. Responsen uteblei ikkje.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Valgerd Svarstad Haugland er med i juryen som skal kåre dei beste nye feiringssalmane. (Foto: Odin.dep.no)Valgerd Svarstad Haugland er med i juryen som skal kåre dei beste nye feiringssalmane. (Foto: Odin.dep.no)

- Dette er svært gledelege tal, og like gledeleg er det at bidragsytarane kjem frå heile landet, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng i ei pressemelding.

Fest og glede


Konkurransen etterlyste nye feiringssalmar til bruk ved dåp, konfirmasjon og bryllaup. Og det har strøymt inn med glede og fest, som juryen får i fanget i desse dagar.

Valgerd i juryen


Juryen blir leia av fortattar og teolog Oskar Stein Bjørlykke, som har med seg musikar og komponist Henning Sommero, prost Evy Kvamsdal og Valgerd Svarstad Haugland.


Konsert neste år


Først til vinteren blir vinnarane og salmane deira presenterte, og under Dei Nynorske Festspela neste år får vi høyre dei ferske salmane under ein eigen kyrkjekonsert.

Søndag blir det salmesamtale med blant anna festspeldiktar Olaug Nilssen. (Foto: aasentunet.no)Søndag blir det salmesamtale med blant anna festspeldiktar Olaug Nilssen. (Foto: aasentunet.no)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Samtale om salmar


Men det blir salmesong under årets festspel og. Juryleiar Bjørlykke skal vere med i ein debatt om den gode salmen under Dei Nynorske Festspela førstkomande søndag. I panelet sit også festspeldiktar Olaug Nilssen og bymisjonsprest Kari Veiteberg. Samtalen blir leia av Anders Aschim, som skal involvere i publikum i spørsmålet om kva som gjer ein salme god.


Allsong


Publikum får utdelt røystesetlar under tilskipinga, og på grunnlag av deira ønskjer og smak blir det allsong under salmesamtalen.

Gudsteneste blir det og, i friluft, noko som har vore ein tradisjon i Aasentunet sidan 80-talet.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving