Sommarklikk: Brus og sjølvfiska aure
Åshild Vetrhus og resten av Tindra er ute med plata Lukkeleg vaking, der du blant anna får høyre om den store trosten som forelskar seg. (Foto: tindratrio.com)
Etter fleire år med mykje speling, mykje skryt og mange gode konsertopplevingar rundt om i Noreg, er folkemusikkgruppa Tindra endeleg å få tak i på cd. Songar i gruppa, Åshild Vetrhus, er stolt av plata, og meiner tittelkuttet «Lukkeleg vaking» må vere den ultimate sommarlåten.
- Kor er du i ferien?
- Når ferien kjem håpar eg å vera heime på hytta i Suldal. Der kan ein verkeleg slappa av på beste måte.
- Kva er favoritt-isen din?
- Båt-is!
- Kva er den beste sommarmaten?
- Grilla, sjølvfiska småaure.
- Kva gjer du når det regnar?
- Eg er tross alt songar, kva trur du eg gjer? I`m singing in the...
Båt-is er den beste isen, ifølgje Åshild Vetrhus. (Foto: Neste Klikk)
- Kor går draumereisa?
- Til ein stad der alle vil kjøpe den nye cd-en til Tindra, kanskje Kina ville vore bra? Der bur det mange.
- Saltvatn, ferskvatn eller klor?
- Definitivt ferskvatn.
- Kva er ditt tips til sommarlektyre?
- «Elefantmusikken» av Ragnar Hovland, eller «Kjærleikboka» av Pernilla Stalfelt. To av mine absolutte favorittar.
Tindra består av Jorun Marie Rypdal Kvernberg (fele), Irene Tillung (akkordeon) og Åshild Vetrhus (song). (Foto: tindratrio.com)
- Kva er den ultimate sommarlåten?
- «Lukkeleg vaking» med Tindra, sjølvsagt.
- Kva er det finaste sommarordet du veit?
- Brus.
- Kva synast du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?
- Skandinavisk Folketone, ein festival som går kvart år i juni på Haukeliseter Fjellstove. Den er dessverre over for denne sommaren, men her kan utanlandske turistar oppleva suggererande norsk og skandinavisk folkemusikk og dans i uforgløymelege omgjevnader på høgfjellet.
Les meir på nettet:
Tindra si nettside
Høyr låten
«Lasseskaren
»her