Sommarklikk: Drøymer om Cuba

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når det regnar, er det vanskeleg å skrive musikk, synast Nathalie Nordnes frå Bergen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nathalie Nordnes på Bergen Fest. (Foto: Kristian Monsen.)Nathalie Nordnes på Bergen Fest. (Foto: Kristian Monsen.)

Søte, talentfulle, syngjande, låtskrivande og pianospelande Nathalie Nordnes var berre 14 år då ho skreiv den første låten sin, «Between sheets». Som attenåring gav ho ut den første plata si, «Hush, hush». No er ho 22 år, og det tredje albumet er på veg.

- Eg skriv låtar til eit nytt album, og går i studio til hausten, men førebels er ikkje datoen for utgjevinga klar, fortel ho Neste Klikk i ein e-post.

Men Nathalie er klar til å dele sommartipsa sine med oss.


- Kor er du i ferien?


- I sommarferien min i år er eg i Barcelona.

- Kva er favoritt-isen din?


- Eg liker godt jorbær-kroneis og solo is.

Kroneis med jordbær, det liker Nathalie Nordnes. (Foto: hennig-olsen.no)Kroneis med jordbær, det liker Nathalie Nordnes. (Foto: hennig-olsen.no)


- Kva er den beste sommarmaten?


- Hmm, det må bli reker eller grilling i parken.

- Kva gjer du når det regnar?


- Ikkje så mykje, det er til dømes vanskeleg å skrive musikk når det regnar synast eg. Kan hende eg besøker venene mine eller vi møtast på kafé.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kor går draumereisa?


- Draumereisa mi går til San Fransisco, der har eg enno ikke vore. Også drøymer eg om å reise til Cuba.

- Saltvatn, ferskvatn eller klor?


- Saltvatn.

- Har du eit tips til sommarle

ktyre?
-

Kva med John Fowles, «Den franske løytnants kvinne». Den las eg her om dagen, ho var ganske søt.

«Den franske løytnants kvinne» er lesetipset frå Nathalie Nordnes. (Foto: Ashcehoug)«Den franske løytnants kvinne» er lesetipset frå Nathalie Nordnes. (Foto: Ashcehoug)

- Kva er den ultimate sommarlåten?


- Dei fleste av Beach Boys sine låtar er ultimate sommerlåtar. Min ultimate favoritt må bli Caetano Velosos «Baby», som gir ei heilt fantastisk sommarstemning.

- Kva er det finaste sommarordet du veit?


- Ordet «sommarkveld» gir meg utelukkande gode assosiasjonar.

- Kva synast du alle utanlandske turistar burde få med seg i Noreg?


- Bilturen frå Bergen og vidare nordover i landet i fint vêr er ein tur verd å få med seg. Også så klart Fløyen i Bergen og alle dei andre koselege turistattraksjonane.

Les meir på nettet:

Fleire sommarklikk:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving