Meny

Festspela er i gang!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I dag byrjar folkefesten i Ivar Aasen si eiga heimbygd.



Rundt Aasentunet rådar vakker natur. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Rundt Aasentunet rådar vakker natur. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)

Kvart år vert Dei Nynorske Festspela skipa til, for å feire den nynorske skriftkulturen. Kalaset har base i Hovdebygda, Ivar Aasen si eiga heimbygd, i tunet der han kom i frå og budde.

Mykje bra står på plakaten også i år, med nynorske kunstnarar, forfattarar og artistar på programmet som underheld både i sjølve Aasentunet og elles andre stader i Ørsta og Volda denne junihelga.

Her finn du programmet for Dei Nynorske Festspela 2006!



Aasentunet er eit staseleg bygg i naturskjønne omgjevnadar. (Foto: Aasentunet.no)Aasentunet er eit staseleg bygg i naturskjønne omgjevnadar. (Foto: Aasentunet.no)

Med Festspela høyrer det med både orginale ferjeturar på Voldsfjorden, fullasta med kultur og publikum. Festspela har sin eigen festspelbrus frå den lokale Brænnebrus - fabrikken, eigen festspeldiktar, - kunstnar og meire til.
Frå å liggje i sommardvale vaknar bygdene rundt Aasentunet til liv denne veka, med vitjingar av kjendisar og underhaldning frå morgon til kveld.

Med Ivar Aasen sin eigen signatur på veggen, levnar det ingen tvil om kvar nynorsken held hus. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Med Ivar Aasen sin eigen signatur på veggen, levnar det ingen tvil om kvar nynorsken held hus. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)

Sjølve Aasentunet har gått gjennom ei solid ansiktslyfting dei siste åra. Før var festspela på ulike scener rundt om i Ørsta og Volda, i sjølve tunet var det kun utescene, og det vesle huset/museet til Ivar Aasen.

I dag er Aasentunet eit høgreist, flott og moderne kultursenter der det nynorske skriftspråket så avgjort står i høgsetet, med Ivar Aasen sin eigen signatur på veggen.

Populær festspeldiktar


Olaug Nilssen er årets festspeldiktar. (Foto: Noregs Mållag)Olaug Nilssen er årets festspeldiktar. (Foto: Noregs Mållag)

I år er det Olaug Nilssen som er festspeldiktar. Førespurnaden kom overraskande på ho, seier ho sjølv i følgje festspelavisa. For oss andre som har sett kva jenta har utretta dei siste åra, kjem vel dette vervet langt ifrå som noka bombe.

Den unge, men profilerte forfattaren har utmerka seg med ein særeigen måte å skrive på, ho er mykje brukt som skribent og bokmeldar i både aviser og tidsskrift og ho er godt kjend for sin direkte og ærlege penn.

Ho er og kjend for å vere ein aktiv bloggar på nettet, og på sida

Skoddeheimen.no

kan du lese meir om både Olaug og meiningane hennar. I dag kjem ho til ein ny skoddeheim; Volda, Ørsta og Hovdebygda.

Olaug; velkomen til skoddeheimen! Her får du både sol og skodde. Dette biletet vart teke 08:15 onsdags morgon frå Klepp i Volda. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)Olaug; velkomen til skoddeheimen! Her får du både sol og skodde. Dette biletet vart teke 08:15 onsdags morgon frå Klepp i Volda. (Foto: Karoline Riise Kristiansen)

I fjor kom ho ut med den mykje omtala romanen «Få meg på for faen», der sexfantasiar og onanering blir bretta ut i full offentlegheit. Olaug Nilssen var også den som stakk av med Målprisen 2006, og ho heldt talen ved opninga av hundreårsmarkeringa til Noregs Mållag tidlegare i år. Olaug Nilssen har altså utmerka seg med det nynorske skriftspråket på mange ulike arenaer.

Kjende aktørar

(Foto: vamp.no)(Foto: vamp.no)

Men det er også andre kjende fjes som dukkar opp denne veka. Stjernekokken Morten Schakenda er festspelkokk og skal kokkelere for sunnmøringane heile veka, Dagblad-teiknaren Finn Graff er festspelkunstnar, Karl Seglem kjem med eit unikt tingingsverk og Vamp skal halde familiekonsert jonsokaftan.

I tillegg kjem det fleire kjende fjes til bygda, og

Startsida.no

og

Neste Klikk

er sjølvsagt til stades under spela for å gi lesarane referat frå Festen i Aasentunet!

Meir informasjon om:
Dei Nynorske Festspela 2006
Aasentunet

Noregs Mållag

Kva vêr er det i Volda?
Her finn du Voldavêret

Gruppa Vamp si heimeside

Festspeldiktar Olaug Nilssens eigen blogg: Skoddeheimen

Meir om Olaug i Neste Klikk


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus