Ein som gjer noko av kjærleik

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Vreid var Vingtor då han vakna og hamaren sin han munde sakne.»

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tor med hammaren. (Foto: Ringerikes Museum)Tor med hammaren. (Foto: Ringerikes Museum)

«Skjegg han riste, hedna han skok; tok son åt Jord um seg å trivle.»

- heiter det i Trymskvida, omsett av Ivar Mortensson - Egnund i 1928.

Trymskvida og over 1000 andre norrøne tekstar er tilgjengelege på nettet, takka vere ein idealistsisk islending og hjelparane hans.

Barnehageonkelen Jón Júlíus Filippusson, som bur i Oslo, har brukt mange seine kveldar og tidlege morgonar dei siste åra på prosjektet, og det av pur kjærleik til den norrøne litteraturen.



Mange språk


På nettadressa

Heimskringla.no

finn du prosjektet «Norrøne tekster og kvad». I tillegg til kjeldetekstane på norrønt, er det lagt ut oversettingar til nyare skandinaviske språk, klassiske vitskapelege tekstar og anna bakgrunnsmateriale. Opningssida finst også på engelsk, russisk, spansk og tysk.

Heimskringla.no har også ein guide til historiske filmar. Her frå actionfilmen Veiviseren. (Foto: skole.ntrm.no)Heimskringla.no har også ein guide til historiske filmar. Her frå actionfilmen Veiviseren. (Foto: skole.ntrm.no)

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Under utvikling
Prosjektet er framleis under utvikling, men har vore ope for publikum sidan august i fjor. Målet er å gjere tekstsamlingane så omfattande som mogleg. Idealistane bak

Heimskringla.no

er opptekne av at nettsidene skal vere brukarvenlege, og alle tekstane skal vere korrekturleste, søkbare og mogleg å skrive ut på skikkeleg vis.

På sidene er det noko å finne både for lek og lærd. I tillegg til dei norrøne tekstane, har Filippusson og fått plass til ei samling omtalar av filmar som handlar om oldtida, i hovudsak vikingtida og middelalderen. Her finst alt frå fantastiske storfilmar til kalkunar, som skildrar historia meir eller mindre korrekt og vellykka.

Odin på den åttebeinte hesten sin, Sleipnir. (Foto: pitt.edu)Odin på den åttebeinte hesten sin, Sleipnir. (Foto: pitt.edu)

Ein ekte amatør


Jón Júlíus Filippusson har ikkje noko akademisk bakgrunn, og beskriv seg sjølv som ein ekte amatør. Ordet amatør betyr nemleg ein som gjer noko av kjærleik. Han og hjelparane hans har ikkje fått ei krone i støtte til prosjektet, som ser ut til å falle utanfor dei fleste støtteordningar.

Heimskringla.no

har fått skryt og anerkjenning frå anerkjende institusjonar, og Jon Gunnar Jørgensen, som er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, seier til

Forskning.no

at han har eit positivt inntrykk av det faglege nivået på sidene.


Kjelde: Forskning.no

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving