Er det mandag? Nei!
Det er ikkje det at eg ikkje trur du kan namnet på alle sju.
«No ska oss låggå någgå luggumt». I følgje Wikipedia er det ei frase Brimien har gjort kjend. (Foto: Neste Klikk)
Barne-tv inspirerer
Mine ungar, som altså bur i Ryfylke, seier mandag, ikkje måndag.
- Snakk skikkeleg, seier eg, men dei berre ler det vekk. Det kan då ikkje vere så nøye, og dessutan seier «alle» mandag.
Påverka som dei er av fjernsyn og venner som kjem frå «byen», seier faktisk veldig mange av ungane her:
Mandag, tirsdag, torsdag (uttala med å), lørdag og søndag. Dialekten deira tilseier at dei heller burde seie måndag, tysdag, torsdag (med o), lordag og sundag. Onsdag og fredag er det ingen skilnad på.
Her i kommunen (Suldal) er det dessutan frå gammalt av vanleg å seie «him» eller «heim» når du skal - nettopp - heim. Men ungane seier «hjem». Det er då synd, tenkjer eg. Korfor vil dei ikkje halde på dialekten sin?
Ikkje lov med dialekt
For ein heil del år tilbake var det heilt utenkjeleg at NRK-tilsette skulle få snakke sin eigen dialekt. I staden måtte dei snakke eit heilt streit, formelt bokmål.
Ungane leikesnakkar ofte slik dei gjer på tv. (Foto: westernwheel.com)
Uvante dialekter vart meir latterleggjort i ei tid kor folk som Kari Sørbø, Ragnhild Sæltun Fjørtoft og Herbjørn Sørebø var ei bittelita minoritetsgruppe i NRK, og folk kunne bli skulda for å vere alt for vanskelege å forstå viss dei insisterte på å nytte dialekten sin.
Prisvinnarar
No, i 2006, er det vel ganske utenkjeleg at P3s Are Sende Osen og Klaus Sonstad (tidlegare «Are & Odin») skulle halde det gåande i radioen på ein heilt nøytral austlandsdialekt i staden for å snakke trøndersk. Dei har til og med fått målpris for språkbruken sin.
Eller ta Arne Brimi, kokken frå Lom. Kven kunne tenkje seg å høyre han snakke om «sjalottløk » på TV2, når han verkeleg snakkar om «sjalottlauk»?
Høyr etter: Snakk som folk! (Foto: voxnet.org.uk)
For ikkje å snakke om Ravi og det underlege språket hans...
For lite for barn
Det hadde vore fint å kunne seie at mangfaldet av dialektar i media er med på å gjere det meir stovereint for vanlege folk å snakke med lokalt særpreg.
Men framleis er det slik at dei fleste barne- og ungdomsprogram på TV har fleire programleiarar med streit bokmålsspråk enn noko anna.
Ungane i nabolaget mitt leikar stort sett rolleleikar på bokmål, dei. Då kan ein jo spørje seg om ikkje det er på sin plass at enno fleir med «rare og sære» dialekter får sin plass på fjernsynsskjermen når dei små ser på slik at dei kan få litt meir språkleg varierte rollemodellar?
Går det også an å få ungar, og vaksne, til å forstå at det ikkje berre er flisespikkeri som gjer at ei mor får lyst til å vie ein heil sommar til å lære ungane å seie «him på sundag»?
Meir om språk og dialekter:
Kvifor dialekt, spør nynorsk.no.
Lånord frå engelsk er ein «
fare» som
mange meiner trugar språket vårt. Hjå språkrådet får du tips om gode, norske erstatningsord.
På aasentunet.no kan du spele ulike spel som er relaterte til språk.