Spennande funn 865 meter over havet
(Foto: Riksantikvaren)
(NPK): Dei jobbar med tidspress medan dammen vert reparert og vasstanden er låg.
Arkeologane gjer dagleg spennande funn frå så langt attende som steinalderen.
Aursjøen var opphavleg tre små sjøar fram til 1953, og mellom desse sjøane har det i fleire tusen år gått store reintrekk mellom aust og vest. Det er heilt naturleg at menneske har hausta av naturens gode i dette området, som også er rikt på fisk.
Utgraving på lånt tid
Oppdemminga i 1953 vart gjort for å skaffe nok elektrisk kraft. Då vart eit stort område sett under vatn utan at det vart gjort arkeologiske undersøkingar i området på førehand.
No skal dammen reparerast og ein har vore nøydd til å tappe ut ein del vatn. Dette gir arkeologane eit unikt høve til å undersøkje område som normalt ligg fleire meter under vatn.
Fylkeskommunane Oppland og Møre og Romsdal har saman med Kulturhistorisk museum i Oslo, Norges teknisk-naturvitenskaplige Universitet i Trondheim, Sjøfartsmuseet og Riksantikvaren gått saman om å gjennomføre eit omfattande utgravings- og registreringsprosjekt på Aursjøen. Pengane til prosjektet kjem frå alle aktørane og frå Statskraft.
Normalt ville eit slikt prosjekt teke mange år, men no vert det berre nokre hektiske veker før vatnet stig att. Arkeologane må erkjenne og godta at her kjem mange kulturminne til å forbli gøymde under vatn utan å bli registrerte, opplyser Riksantikvaren. (NPK)