Eller; lyg ikkje hoftene likevel?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Shakira skapte historie i førre veke då songen «Hips Don't Lie» blei spelt heile 9657 gonger på radio.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Shakira kan ikkje få sagt nok kor fabelaktige desse hoftene hennar er, og eg trur henne. (Foto: planet.nl)Shakira kan ikkje få sagt nok kor fabelaktige desse hoftene hennar er, og eg trur henne. (Foto: planet.nl)

Aldri før har ein popsong oppnådd noko liknande på så kort tid. Det fortener ein uhøgtideleg gjennomgang av songteksten, berre for å kvalitetssikre.

Eg insinuerer ikkje på nokon tenkjeleg måte at popmusikken ikkje er innhaldsrik, langt derifrå. Men ein gong iblant kan det vere greitt å høyre litt ekstra godt etter på kva artistane faktisk syng, berre for å vere sikker. Det siste me vil ha er jo dum, billig og overflatisk popmusikk, er det ikkje?

Songen, som ho syng i lag med amerikanaren Wyclef Jean, byrjar roleg:

«I never really knew that she could dance like this
She makes a man want to speak Spanish
Como se llama, bonita, mi casa, su casa
Shakira, Shakira
»

Det er tydeleg at Shakira veit kva ho driv med. Allerede i første verset har ho fått sjølvaste Wyclef Jean på kroken. Fritt oversett fortel Wyclef oss at «eg visste eigentleg aldri at ho kunne danse slik som dette. Ho får ein mann til å ville prate spansk». Du Shakira, du Shakira...

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Desse hoftene lyg ikkje. Det er no bevist. (Foto: admin.iberoamerican.cl)Desse hoftene lyg ikkje. Det er no bevist. (Foto: admin.iberoamerican.cl)

Shakira føler seg naturleg nok smigra av utsegna, slik vi alle ville ha følt det etter ei slik bemerking, så ho følgjer opp med eit vers:

«Oh baby when you talk like that
You make a woman go mad
So be wise and keep on
Reading the signs of my body
»

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Her legg Shakira alle kort på bordet, først som sist. Ho fortel oss at ho er veldig svak for menn som slengjer ut litt spansk tale sånn på sparket. Men ho gir seg ikkje der. «Ver klok å fortsetje å lese teikna til kroppen min,» ber ho. «OK», må Wyclef ha tenkt, og følgjer opp med:

«And when you walk up on the dance floor
Nobody cannot ignore the way you move your body, girl
And everything so unexpected - the way you right and left it
So you can keep on shaking it
»

Det er tydeleg at det er ein del folk der ho oppheld seg. Og det er endå tydelegare at ho beveger seg høgst oppsiktsvekkjande. «Ingen kan ignorere måten du beveger kroppen din, jente» innrømmer Wyclef. Her skaut han seg sjølv i leggen, kan ein tenkje. Men Wyclef er ikkje langt frå land, og ror seg inn med eit betryggjande «du kan fortsetje å riste på han». Ein riktig så sjarmerande mann han der Wyclef, med andre ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Shakira får menn til å snakke spansk. Ikkje verst. (Foto: channels.netscape.com)Shakira får menn til å snakke spansk. Ikkje verst. (Foto: channels.netscape.com)

Shakira let seg sjarmere, noko hennar eigne hofter fortel henne.

«And I'm on tonight
You know my hips don't lie
And I am starting to feel you boy
Come on lets go, real slow
Don't you see baby asi es perfecto
»

«Du veit, hoftene mine lyg ikkje,» seier ho. Sjølvsagt gjer dei ikkje det, kjære Shakira. Ein person, nei unnskyld, ei gudinne som deg, som klarer å få songen sin spelt på radio om og om igjen, i det som kunne ha vore meir enn 20 samanhengande døgn, skal då ikkje bli skulda for å ha løgnaktige hofter. Det får då vere grenser for frekkheit…

Resten av songen fortset i samme muntre tone. Shakira kan ikkje få sagt nok kor fabelaktige desse hoftene hennar er, og eg trur henne. Wyclef er ikkje hakket snauare, og arbeider vidare med spansken sin. No veit han jo at det er vegen å gå. Shakira er jo så glad i spansktalande menn, veit du.

Med desse høgst imponerande utdraga frå songen hennar er det vanskeleg å dra nokon annan konklusjon enn at popmusikken, den er kvalitetssikra den. Stol på Shakira. Hofter lyg ikkje.


Meir om hofter i Neste Klikk:

Meir om kjendisar i Neste Klikk:



ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving