Kunsten å nøyde

Artikkelen fortsetter under annonsen

- tre døme på sosial ekstremsport på Vestlandet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: lefsetime.com)(Foto: lefsetime.com)

Denne gongen skal det handle om ein ofte undervurdert kategori innan skikk og bruk: kunsten å nøyde.

For dette er nemleg eit kulturfenomen som det er vanskeleg, men viktig å meistre. Det dreier seg om å tileigne seg sosial kunnskap: å vite korleis ein skal te seg i gitte samanhengar. Eitt døme på eit klassisk nøydedilemma, er når ein skal yte ei teneste gratis og når ein skal krevje pengar for ho. Eit anna - kor mange gongar ein skal få ein beskjed før ein tør gjere det vedkommande seier. For slikt fins det uskrivne reglar om.

Og om dette ikkje er forvirrande nok, blir det ikkje betre av at reglane for nøyding varierer frå land til land. Ja, i dei mest ekstreme tilfella frå bygd til bygd. Det som er sosialt akseptert i éin dal, treng så absolutt ikkje vere det i nabodalen.

Tru meg. Eg kjem frå Vestlandet.

Er Vestlandet verre enn andre stader? spør du no kanskje. Eg er freista til rett og slett å svare «ja». Kvifor? Jo, det har noko med lynne å gjere, sjølvsagt. Vestlendingar er nemleg ikkje eit folkeferd som slår seg på brystkassa. Nei, viss ein vestlending slår seg på brystkassa, blir vedkommande i beste fall stempla som innbilsk eller gal (= omtrent det same). Vestlendingar generelt er så gjennomført blyge og forknytte og overhøflege at dei ville svelte i hel i ein gymsal full av mat - viss ingen sa «Vær så god, forsyn dykk!». (Her må vi nok gjere eit unnatak for sunnmøringar.)

Kva er så årsaka til dette? Vel, århundrer med bedehuskultur har sikkert gjort sitt. Tronge dalar og liten sosial kontakt mellom folk likeså. Kort sagt: Tradisjonen med å nøyde er på Vestlandet finutvikla i årtider. Berre éin ting er sikkert: Dette er ikkje noko ein spøker med. Og som nemnt: Normane for å nøyde, td. antalet nøydingar i ein gitt sosial situasjon, varierer frå fjordarm til fjordarm.

I dalen K må du vente tre gongar på at vertinna har sagt «Da kan de setje dykk til bords!» - før du verkeleg kan gjere det. I dal L kan det rekke med to gongar. Mens i dalen M kan det dreie seg om mellom fem og seks.

Eg trur at min heimstad, Sunndal, liknar mykje på dalen M. I alle fall er det slik ved dei store måltidene i livet, så som ved dåp, konfirmasjon eller bryllaup. Ei standard scene frå ein konfirmasjonsmiddag i vår familie kan fortone seg omtrent slik:

- Da e det bærre å sætt se!
Stemma til bestemor rungar ute frå kjøkenet. Det blir stilt i finstua. Ingen rører på seg i sofaen. To minutt går.
- Ja, som sagt: Middagen e ferdig! Det e bærre å sætt se te bords.
Stemma til bestemor rungar ute frå kjøkenet. Det blir stilt i finstua. Ingen rører på seg i sofaen. To minutt går.
- Nei, ha du sett … No må dokk gå og sætt dokker!
Stemma til bestemor rungar ute frå kjøkenet. Det blir stilt i finstua. Ingen rører på seg i sofaen. To minutt går.
- Du verdas land og rike! E he alder sjitt nokko slekt. Middagen blir snart kald. No må dokk gå og sætt dokker te bords med ein einaste gong! Og no meina e det!
Stemma til bestemor rungar ute frå kjøkenet. Det blir stilt i finstua. Ingen rører på seg i sofaen. To minutt går.
- No må vi snart varm opp maten att! Vær så inderlig snill og sætt dokker te bords! No meina e de verkele!
Alle reiser seg stumt - og finn sin anviste plass ved spisebordet.

Det seier seg sjølv: Kjenner du ikkje til desse usynlege sosiale reglane, kan du komme til å bomme stort. Og da kan folk begynne å prate om deg. Særleg når du ikkje er til stades, sjølvsagt.

Men heldigvis fins det dei som gir blaffen i desse kodane. Onkelen min er slik. Når alle sit og ventar på tredje nøyding for å gå til bords, begynner han som regel å sukke høgt:
- Å, herregud! E bli sprø av Mæhle-slekta! No går e og sætt me, så kan dokk sitt der te dokk gror fast!

På dette tidspunktet vil dei vaksne i slekta kremte litt, før dei tuslar forsagte bort til bordet. Så kviskrar tante noko i øret til onkel, og han vil himle med auga og mumle «Herregud». (Det same vil for øvrig gjenta seg når middagen er ferdig - og bestemor begynner å seie at vi kan gå frå bordet: Ingen vil røre seg, før onkelen min har fått nok - og forsvinn ut på gardplassen for å ta seg ein røyk.)

Men no har eg vore innom berre éi form for nøyding. Og det slår meg at eg aldri vil rekke å kommentere det enorme spekteret som eksisterer innan denne sjangeren. Men igjen: Dei fleste er utprøva på Vestlandet. Ikkje minst gjeld dette pruting på pris, eller om ein skal ta imot betaling for ei teneste eller ikkje.

I denne kategorien kan eg by på følgjande historie: Ein gong kom ein lærarkollega av far min innom. Far min var òg bonde, og dei hadde avtalt at kollegaen kunne plukke med seg nokre sekkar poteter. Så langt alt greitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: cariskitchen.com)(Foto: cariskitchen.com)

Lærarkollegaen plukkar no potetene sine, det var vel snakk om eit par hundre kilo, før vi hører han kakke på trappegelenderet ute i gangen.

Eg vil alltid hugse denne samtalen. Alltid. Den gikk omtrent slik:

- Ja, ka vil du ha for ta her, Magnus?
- Nei, nei, nei! Ingenting! Vi har så mykkjy potet, att!
- De e ikkje aktuelt! Klart du ska ha pæng for poteten. De her e potet for hondervis av krono!
- Nei, sie e! Ta potetainn din. E vil ikkje ha ett øre!
- Jo, jo. Sjå her no, Magnus. Ta na honderlappen her.
- Nei, det kjem ikkje på tale! Honder krono!? E du på styr!?
- Jo, e insistere!
- Nei, glæm det! Ikkje aktuelt!
- No lægg e honderlappen på kommoden her, så går e ut!
- Glæm det! E tar med honderlappen og lægg deinn i lommeboka di på lærarrommet i morgo!
- E gjentar, no går e. Honderlappen legg der på kommoden.
- Nei, nei, nei! E nekta!
- No går e!
- Ja vel, du e umule, Magnus! Da sie vi det slik: E legg ein femtilapp her på kommoden.
- Nei! Ikkje ett øre har e sagt!
- Jo, sjå her. Femti krono e omtrent ingenting for aill poteten.
- Ikkje ei kron!
- No går e. Femtilappen legg der.
- Ja vel, da. Sia du e så umule.
- Ja, femtilappen legg der.
- No vel. Da sie vi det slik.

Da har du fått eit innblikk i kva vi baksar med på Vestlandet. Nøyding er ikkje for pyser … eller er det kanskje nettopp det det er? Denne ekstreme nøydekulturen på Vestlandet bunnar kanskje til sjuande og sist i ei redsle for å fornærme andre sine kjensler, trur eg. Og den krev eit utruleg finsikta blikk for å skjøne kva motparten eigentleg meiner.

Å, herregud, så slitsamt! seier du (og onkelen min!) kanskje no. Kvifor kan ikkje folk seie akkurat det dei meiner i staden? Kor mykje enklare ville ikkje ting vore da? Og kva skjer med vestleningar i utlandet? Det kan vel aldri gå bra?

Nei, det er eit poeng, naturligvis. Og eg har sjølv fått erfare akkurat dette. Dette skjedde ein gong eg var på interrail. Eg reiste saman med ein tyskfødd kompis, vi var fattige studentar, tidleg i tjueåra. Men mora til kompisen min budde i Berlin, og vi hadde plotta inn ei veke her for å spare på skillingen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi budde der ei herleg veke - gratis i ei flott leiligheit, reine palasset samanlikna med ungdomsherberga vi elles tok inn på.

(Foto: cariskitchen.com)(Foto: cariskitchen.com)

Som ein siste hyggeleg gest inviterte mora oss ut på middag, kvelden før vi skulle reise. Vi gikk på ein argentinsk biffrestaurant, og åt 300-grams biffar til vi omtrent svima av. Vi lente oss tilbake på stolane, stappmette. Det er da eg høyrer stemma mi bryte ut:

- Sidan eg har budd gratis hos deg denne veka, kan eg betale rekninga.

I ein vanleg, vestlandsk nøydekultur er det uhøyrt å ikkje tilby seg å betale. Uansett kor lite pengar ein har. Og uansett kor irrasjonelt det er at akkurat du skal betale. Eit slikt utspel er berre starten på ein lang drakamp, der rollene til dei involverte er gitte på førehand.

Hadde dette vore på Vestlandet, ville den vaksne sporenstreks nekta og betalt. Og eg venta no sjølvsagt på at mora til kompisen min skulle seie: «Kjære deg, det var EG som inviterte DYKK på middag. Eg betaler!»

Men ho sa berre:
- OK!

Hadde dette vore ein teiknefilm, ville du sett dollarteiknet klinke opp i auga mine, ledsaga av lyden av ein dass som blir trekt ned. Budsjettet for resten av interrailen var lagt i ruiner. Det ville bli smalhans og makaroni med ketchup heretter. Men det var fullt fortent.

Og moralen? Tja. Den er vel omtrent slik, for å sitere ein kjend svensk forfattar: «Det är synd om människorna.» Og kanskje spesielt vestlendingar.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving