Kanskje vel mykje effektar?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skadefryd er ekte fryd, heiter det. Mykje kan tyde på at det er sant òg. Ikkje noko kan vere artigare enn at andre dummar seg ut.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Orgla var kanskje ikkje Guds gave til teknologi-interesserte, men du verda så avanserte dei begynte å bli på denne tida. (Foto: procolharum.com)Orgla var kanskje ikkje Guds gave til teknologi-interesserte, men du verda så avanserte dei begynte å bli på denne tida. (Foto: procolharum.com)

Men så er det det med skadefryden: Den rammar dei fleste - og gjerne deg sjølv hardast av alle.

La meg derfor fortelje deg følgjande historie:

Vi skal no tilbake til dei glade 1980-åra, tiåret da pastellfargane glitra og hårgeléprodusentane var like rike som skipsreiarar. Eg var 15 år da dette skjedde. 15 år er ein fin alder, vil du kanskje seie. Jo, eg er einig. Men samtidig er dette også ei tid da ein er svært sårbar, kor den minste detalj, ja, sjølv ein brøkdel av ein replikk, kan få deg til å raudne - og ønskje at du brått kunne flytte til eit anna solsystem.

I alle fall: På denne tida hadde eg utrulege åtte år med orgelkurs bak meg. (Viss du ikkje hugsar kva eit orgel er, så siktar eg til den typen med pedalar. Det var eit svært utbreitt møbel på 1970- og 80-talet. Nesten alle familiar med respekt for seg sjølve hadde orgel.

Det vil seie: Fiffen hadde flygel. Men blant middelklassen var orgelet nesten like vanleg som sofaen. Kvar er det blitt av orgelet no? spør du kanskje. Du er i så fall ikkje den einaste. Sanninga er at orgelet lei ein stille død da PC-en kom. For tangentspelande menneske verda over innsåg da at orgelet - samanlikna med dei nye, fikse synthane og dertilhørande programvare på PC-en - var eit ualminneleg stort og klumpete instrument. Og da hadde orgelet i realiteten tapt.

Dermed forsvann også eit av dei få instrumenta der du må spele bass med føtene. Trist, men sant. Spør du ungdommar i dag om dei spelar orgel, ser dei på deg som om du var eit romvesen.)

Men Gud hjelpe meg, no sporar vi heilt av her. Vi var på 1980-talet, eg er 15 år og har gått åtte år på orgelkurs. Eg sit bak scena i Molde rådhus, skal om berre nokre få minutt inn og opptre på Ungdommens Kulturmønstring. I salen sit nærmare 500 menneske. Og eit svært kritisk dommarpanel.

Eg er livredd. Det skal det ikkje mykje til for å innrømme. For eg skjønar det straks dei første deltakarane set i gang: Dette er proffar. Dette er folk som har niøvd på deira Chopin og Bach og Beethoven, og ikkje som meg: slentra innom orgelet ein gong i jubelåret for å spele «We are the World» . Ein annan ting må også nemnast: Eg hadde gått vidare til fylkesfinalen sidan eg var den einaste deltakaren i klassen «Orgel» i den lokale tevlinga.

No fekk eg betale. Og prisen var scenenervar. Om du ikkje har kjent dette fenomenet på kroppen, kan eg forsikre deg om at det ikkje er behageleg. Eg sit der forspent, prøver å roe meg ned med forskjellige pusteteknikkar. Til inga nytte. Dei utstudert flinke og klassisk skolerte deltakarane frikar meg ut. Eg prøver å fokusere, tenke på repertoaret mitt: ein seig versjon av «Basin Street Blues» og ein sjølvlaga låt.

Men eg hadde eit hemmeleg våpen: rytmeboksen.

Orgla var kanskje ikkje Guds gave til teknologi-interesserte, men du verda så avanserte dei begynte å bli på denne tida. Orgelet eg skulle spele på likna cockpiten på eit fly. Det hadde eit uendeleg antal knappar og duppedittar. Det var sjølvsagt langt meir raffinert enn det vi hadde i stua vår. Men orgellæraren min hadde eit liknande teknisk vedunder heime hos seg. Og eg hadde fått lov til å tørrtrene på dette. Dessutan: Før fylkesfinalen hadde eg fått testa ut orgelet i rådhuset. Eg hadde stilt inn rytmeboksen på riktig tempo og rytmeart.

Eg var så klar som eg kunne fått blitt.

Så hører eg stemma til konferansieren. Han nemner mitt namn. (Kva!? Det er jo EG!?) Desse sekunda, der du stolprar deg over scena, du har ikkje kontakt med kroppen, den berre flyt bortover, og tankane dine er lamme, du rekk knapt å registrere dei 500 menneska i salen, merkar nesten ikkje dei stråleheite lampene i taket (sjølv ikkje i mintgrøn angoragenser), du stavrar deg på plass bak orgelet, fingrane dine trykker på det du trur er dei rette knappane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Og så er «Basin Street Blues»i gang.

Det tar berre tidelar før eg skjønar at noko er galt. Frykteleg galt. Rytmeboksen har slått seg heilt vrang. Det kjem trommesolo etter trommesolo ut av høgtalarane. Eg sveittar, Gud hjelpe meg som eg sveittar! Men trommesoloane tar ikkje slutt av den grunn. Nei da, dei held fram, med uforminska styrke - og med omtrent fem sekunds mellomrom.
HERREGUD!

Eg skjønar det allereie: Dette er ein katastrofe av ei orgelframføring. Alt går til pisis. Men like fullt veit eg at eg må halde fram, eg kan ikkje slutte no, eg må lide meg gjennom denne oppvisninga i orgelmisære.

Endeleg. «Basin Street Blues» er ferdig. Aldri har verda nokon gong hørt songen framført med fleire trommesoloar. Det veddar eg glatt ei månadsløn på.

Da ser eg han. Knappen. For det finst nemleg ein knapp som heiter «Auto fill-in» på mange slike orgel. Og den har stått på under heile framføringa. Med andre ord: Det har kome ein trommesolo for kvar fjerde takt.

Eg sukkar, slår han av - og stiller inn boksen på ein ny rytme til den sjølvlaga låten. Eg må gjennom den òg. Sjølv om eg aller helst ville vore alle andre stader enn akkurat her. I Molde rådhus. Framfor 500 menneske.

Da fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring er ferdig (eg har ikkje gått vidare til landsfinalen, det treng eg vel knapt nemne), får eg overlevert eit forsegla brev frå dommarpanelet.

Eg opnar forsiktig, brettar ut arket. Dommen skal falle. Og den lyder: «Positivt med sjølvlaga låt. Kanskje vel mykje effektar?»

Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving