Kaldt, eksotisk, og fullt av isbjørn
Herr Isbjørn finst ikkje på fastlandet, sjølv om turistane trur det. Men på Svalbard finst han. (Foto: Odin)
På NRK1 klokka 19.55 på fredag, får vi bli med forfattaren Jon Michelet til Svalbard i dokumentaren «Svalbardopplevelser».
Med på reisa er også naturfotografen Arne Nævra og guiden Tove Røddesnes, og kvar av desse tre har sine mål for turen rundt på heile Svalbard.
Børsa på do
Alle har jo høyrt at på Svalbard må ein ha med seg børsa berre ein skal ein tur på do, og her får vi møte grunnen til det, nemleg han som utlendingane trur går i gatene i heile Noreg. Vi snakkar sjølvsagt om herr Isbjørn, ein ikkje heilt ufarleg type. Jon Michelet har faktisk skote ein isbjørn på Svalbard i sin ungdom, kjem det fram.
Salomon August Andrée og Knut Frænkel med den havarerte ballongen på pakkisen, fotografert av det tredje ekspedisjonsmedlemmet, Nils Strindberg. Den eksponerte filmen frå den mislykka ekspedisjonen i 1897 blei funne i 1930.
Eit skjebnesvangert ballongeventyr
Jon Michelet er i tillegg til gamle fangsthistorier interessert i å luske i spora etter den svenske ingeniøren og eventyraren Salomon August Andrée, som enda livet sitt i lag med følgjesvenene sine på Kvitøya nordaust for Svalbard, etter eit mislykka forsøk på å nå nordpolen med ballong.
Sjeldan fugl og naken-diplom
Arne Nævra er interessert herr Isbjørn og andre dyr. Han håpar også å få kome til hekkeplassen for ei krittkvit ornitologisk sjeldanheit.
Den erfarne svalbardguiden Tove Nævra har mykje ho vil vise herrane. Ho vil også svært gjerne til øya Hopen, som ho ikkje har vore på før. Der får vi bli med på eit bad som kvalifiserer til eit diplom frå Hopen Nakenbadeklubb.
Magisk og svensk
Vi held oss på NRK1. På laurdag klokka 18.30 viser dei nemleg den første av fire delar av den svenske serien «Min venn Percys magiske gymnastikksko».
Serien byggjer på romanen med same namn, skriven av Ulf Stark. Stark har også skrive «Jeg tar sjansen», om Simone som blir heitande Simon på den nye skulen, og mange fleire fine bøker for barn.
Stinkande og magiske
Hovudpersonen Ulf er ni år og bur i ein forstad til Stockholm med mora, faren og broren sin.
Percy i klassen hans har eit par gymsko som held på å dette frå kvarandre. Dei stinkar, og frøken masar for å få han til å kjøpe nye. Men det går ikkje, for skoa er magiske, når ein har dei på kan ein gjere kva som helst! Percy kan balansere på bommen med dei skoa, kaste seg framfor bilar, han er tøff og sterk og modig. Ulf skulle ønskje at han hadde dei skoa, då skulle han og ha vore tøff.
Ha ei god, magisk og eksotisk helg!