Stifting for Rasmus Løland-markering

Artikkelen fortsetter under annonsen

Neste år er det hundre sidan forfattaren Rasmus Løland døydde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren Rasmus Løland døydde i 1907. Ei stifting er etablert for å markere Løland og forfattarskapen hans 100 år etter. (Foto: Rasmus Løland-markeringa, NPK)Forfattaren Rasmus Løland døydde i 1907. Ei stifting er etablert for å markere Løland og forfattarskapen hans 100 år etter. (Foto: Rasmus Løland-markeringa, NPK)

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Løland var frå Suldal i Rogaland, og no er stiftinga Rasmus Løland - markeringa etablert, med fylkesordføraren i Rogaland, Roald Bergsaker, som styreleiar, Magny Skeie som dagleg leiar, og eit budsjett på kring ti millionar kroner.

Innsyn i barnesinnet


Løland var fødd i 1861 og døydde i 1907. Han fekk trykt dei første forteljingane sine i Fedraheimen i slutten av 1880-åra, og debuterte med boka «Folkeliv» i 1891. Året etter kom «Skuld», «På sjølvstyr» og «Ungar».

Løland er kjent for å ha ein framståande sans for barnesinnet. Han gav ut fleire barnebøker, men også fleire akta vaksenbøker på slutten av 1800-åra og utover på 1900-talet. Hovudmotivet i romanen «Skattegravaren» er menneske som har vanskar med å realisere seg sjølv i livet. Det er han også sterkt inne på i den sjølvbiografiske romanen «Aasmund Aarak» frå 1902.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Stiftinga og målet


Stiftarane bak Rasmus Løland-markeringa 2007 - 2011 er Asker kommune, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Noregs Ungdomslag, Nynorsk kultursentrum, Rogaland fylkeskommune, Ryfylke interkommunale selskap, Ryfylkemuseet, Sauda kommune, Suldal mållag, Stiftinga Magasinett, Stiftinga Pirion, Suldal kommune og Wigestrand forlag. Fleire kan bli med etter kvart.

Om målet for stiftinga heiter det at stiftinga og alle som blir involverte i prosjektet i fellesskap kan nytte arbeidet til Løland til inspirasjon for å auke lese- og skriveinteressa blant barn og unge.

- Det var Løland som for alvor opna opp litteratursjangeren som rettar seg mot barn og unge, og arbeidet hans har vore ei klar inspirasjonskjelde for kjende norske og utanlandske forfattarar. Arbeidet til stiftinga kan dermed vera med på å få fram nye kreative talent som kan vera med på å skapa engasjement for ny kunst og kultur for desse målgruppene. Kunst og kultur som har utspring i det lokale, og som set desse på dagsorden når nye generasjonar skal læra om eigen kultur og identitet, heiter det frå den nye stiftinga. (NPK)

Meir om Rasmus Løland her:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving