Ein herre med bart: Smultring er feigt
Christoffer Pedersen er frå Søgne men bur i Bergen, der han har gjort seg bemerka som spaghettigitarist.
Om det relativt ferske bandet BART, som består av Johnny «Jumbo» Gulbrandsen på trommer og vokal og Christoffer «Don» Pedersen på gitar og vokal, kan ein lese følgjande på
NRK/Urørt
:
«Stort, Tøft, Hardt, Hårete! BART er dedikerte tilhengere av store barter, og vil bruke instrumentene sine for gi store barter et ansikt. Nei til bukkeskjegg! Nei til smultring! Vær en mann, gro en skikkelig bart!»
Mennene i BART er kanskje meir kjende frå Bergensbandet
Tuco's Lounge
, som har hausta lovord og begeistring både i Noreg og Tyskland for sin energiske westernrock. Tuco's Lounge var tidlegare prega av høg kotelett- og bartefaktor, men då plutseleg alle utanom dei to var glatte som konfirmanter/ mobiltelefonseljarar, var det berre ein ting å gjere, ifølgje Pedersen. Bandet BART vart til.
Burt Reynolds viser fram både verdas finaste bart og litt av kvart anna.
Namn:
Christoffer Pedersen.
Alder:
30.
Sivil status:
Ugift.
Bur:
I Bergen.
- Kor lenge har du hatt bart?
- 6 månader.
Ikkje lett å få til å drikke denne på stilig vis med stor bart.
- Kva er det beste med bart?
- Utsjånaden og styrkinga av sjølvbildet.
- Kva tenkte eigentleg Gud då han fann opp barten?
- Korleis skil eg klinten frå kveiten?
- Kor går grensa for kor stor barten kan bli?
- Eigentlig finst det ikkje noko grense, men reint praktisk er det ikkje så greitt når barten kjem i vegen for mat eller klining.
- Kor mykje pengar brukar du på barten din?
- Han er gratis!
- Er det litt som å ha ein hund?
- Ein liten selskapshund, moglegvis.
Moglegvis er det å ha bart litt som å ha ein søt liten hund, meiner Christoffer Pedersen.
- Har barten ein sosial effekt, er det slik at barteeigarar helsar på kvarandre på gata?
- Ja, ein anerkjenner andre som både har stil og mot, og gir gjerne eit venleg nikk. Men treff ein ein person med smultring lét ein som ingenting mens ein tenkjer: Stakkars, han tør ikkje vise at han eigentleg vil ha bart, istaden gøymer han seg bak masse unødvendig og stygt ansiktshår!
- Kva er eigentleg ein smultring?
-
Ein smultring er sånt skjegg som veks rundt munnen, som ein smultring.
- Finst det eigne butikkar med barteutstyr?
- Førebels ikkje i Bergen, men det er definitivt ein nisje med moglegheiter for vekst.
Er det dette som er ein smultring? Skjegg på haka og rundt munnen er fy fy, meiner Christoffer Pedersen.
- Kven er barte-idolet ditt?
- Burt Reynolds
- Kven har historias finaste bart?
- Burt Reynolds
- Er det ein bartetype du ikkje kan identifisere deg med?
- Hitlerbart, og alt som inkluderer hår på haka.
Bartar av dette slaget er ikkje noko bartetypane i Bart vil ha noko med å gjere.
- Kva er det som er mest upraktisk med bart?
- Å ete reker med majones på.
- Går det bra å drikke, eller er det begrensingar der og?
- Guinness lét seg ikkje elegant kombinere med stor bart.
Korleis er det å kysse med bart?
- Makelaust.
- Har du fått tilbakemeldingar på at det stikk?
- Niks.
Ikkje lett å ete reker med majones utan å få dei i barten.
- Kor ofte trimmer du barten?
- 2 gonger i veka.
- Kunne du ha tatt barten viss du skulle gå i dekning?
- Nei!
- Kva meiner du om uttrykket «
bustebartepinn»
?
- Hmm..aldri høyrt det før, men det læt slagkraftig.
- Har du farga barten nokon gong?
- Ikkje si det til nokon, men ja, ein gong for eit par år sidan.
- Har du eit favorittdikt eller ein song som hyllar barten, og som du vil dele med oss?
- Låten «moustache» av BART!
Høyr musikken til bandet BART, som skryt av å høyrest ut som en hissig telefonkonferanse mellom ZZ Top, Sepultura og Ennio Morricone,
på
NRK/urørt
Les om ein anna herre med bart her: Ragnar Hovland