Kathrine og eg
Eg kjenner Kathrine Sørland, eg. Eller som ein kjenning frå austlandet sa: - Kjinner og kjinner, je vett da gøtt åkken hu er.
Kjenner nokon 1
For eg kjenner ho ikkje personleg, det må eg medgje. Men eg kjenner nokon som jobbar med ho. Og dei, eller ho, som jobbar med Kathrine, ho kjenner eg godt!
Ikkje at venninna mi fortel noko om Kathrine, men eg høyrde at dei var på jobb saman i Oslo ein gong. Det er ein start.
Eg kan i alle fall seie at eg kjenner ein som kjenner ein kjendis.
Kjenner nokon 2
I førre veke fekk me besøk på jobben, av nokre datafolk frå Stavanger. Og trur du pinadø ikkje han eine datafyren og kjende Kathrine Sørland. Ganske godt også. Eg vart litt sett ut eit augneblink då han fortalde det, men eg henta meg fort inn att. Ein må kunne beherske seg i omgangen med folk som kjenner kjendisar.
No kjenner eg altså to som kjenner Kathrine Sørland. Det vil seie - eg kjenner ei og så kjenner eg litt til ein.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenDet gode selskap
Eg ser at dette ber ein veg. Det er faktisk kome så langt at neste gong eg treff Kathrine Sørland (eller: viss eg nokon gong treff ho), så kan eg byrje prate med ho. Spørje korleis det går med «Gina» eller «Kjartan», om ho har snakka noko med dei i det siste og den slags. Det er definitivt ein start.
Faktisk burde eg sørgje for å treffe på ho Kathrine Sørland ganske snart. Ho skal nemleg gifte seg, har eg høyrt, og det ville vore heilt uvurderleg å innynde seg nok til å bli beden i eit kjendisbryllaup. Eg ser berre heilt klårt for meg korleis eg skulle greidd å få glist til meg nokre spaltemeter i sladremagasina i Kathrine Sørland sitt bryllaup.
I lag med kjendisane. Arm i arm med dei andre kjendisane. Dei som alle snakkar om.
Og i det fjerne glimtar utsiktene til sommarjobb som tv-quizz-vertinne på TV2 i 2007.